Hopp til innhold

Fellesfaglærar

Arbeidsgiver

Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Yrkesskolevegen 20, 6011 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fellesfaglærar
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vikar for fellesfaglærar på Bygg- og anleggsteknikk.

100% vikariat ledig frå 01. mars 2026 til 31.12.2026, med kompetanse i matematikk og naturfag.

Vi treng fleire lærarar!

-Har du lyst til å undervise på ein av dei største og flottaste vidaregåande skulane i fylket?
-Kan du tenke deg utfordringa med å yrkesrette fellesfag?
-Vil du vere med i eit lærarkollegium som samarbeider tett om å hjelpe elevane med å meistre skulen og faga?

Då er du kanskje rett lærar for oss!   


Arbeidsoppgåver

Som faglærar i fellesfag skal du:

-Planlegge og gjennomføre undervisninga i fag i tråd med gjeldande læreplanar.
-Vere tett på elevane, legge til rette for meistring og gje dei faglege tilbakemeldingar dei kan lære av.
-Samarbeide tett med dei ulike fagmiljøa på skulen, og syte for god dialog med både elevane og kollegaene dine.

Kvalifikasjonar

Vi er på leit etter deg som har undervisningskompetanse i fellesfagene matematikk og naturfag.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker deg som:

Har gode samarbeidsevner og likar å lære i lag med andre.
Trivst saman med ungdom.
Er tålmodig og vennleg.
Er fleksibel og løysingsorientert.
Har generell god IKT kompetanse.
Har evne til å danne gode relasjonar med elevane.

Vi tilbyr

Eit stabilt, hektisk og spennande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
 
Anna:
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.
Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke stilling hos oss.
Den som vert tilsett må levere politiattest.

Kontaktinformasjon

Marte Brandsegg, Avdelingsleiar Bygg- og anleggsteknikk, 93420553
Roger Fylling, rektor, +47 93441678

Arbeidsstad

Yrkesskolevegen 20
6011 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5071129905
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026

Om bedriften

Om skolen (borgund.vgs.no)

Borgund vidaregåande skole er ein av dei største vidaregåande skolane i Møre og Romsdal og held til i Spjelkavik i Ålesund kommune. 

Skolen har til saman nesten 1100 elevar og 235 tilsette. Vi har sju ulike yrkesretta utdanningsprogram og eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. I tillegg har skolen eit kompetansesenter (BORK) som gir tilbod til vaksne elevar og kurs for næringslivet. Vi har også ansvar for undervisninga ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA-skolen) og ved Ålesund fengsel.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

854fb758-bfa4-4db0-9124-e0e4cf91cd66

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

32ce68139a8b4dcb95836d26f9146f22

Lignende annonser

Laster lignende annonser