Fagansvarleg ingeniør - PNA
Medisinsk biokjemi - Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarleg ingeniør PNA
Oppstart
4. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. juni
Er du bioingeniøren som likar å ha oversikt – og har auge for både detaljar og utvikling?
Hos oss får du ein nøkkelrolle innan pasientnær analysering (PNA), i eit moderne laboratorium med nytt utstyr og godt tverrfagleg samarbeid.
Vi ser etter deg som vil vere med og utvikle fagområdet vidare. Dette er ei dagstilling med arbeid omtrent kvar fjerde laurdag.
- Reise- og flyttekostnader (inntil 20 000 kroner).
- Vi dekker husleige dei første seks månadene (inntil 60 000 kroner).
Ved intern tilsetjing kan det bli ledig fast bioingeniørstilling – oppgi gjerne i søknaden om dette kan vere aktuelt for deg.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Delta i blodprøvetaking
- Ansvar for medisinsk teknisk utstyr innan fagområdet og for samarbeid med ingeniør fra Avdeling for Medisinsk teknikk.
- Bestilling av forbruksvarer til fagområdet.
- Å delta i beslutningsprosessar angående innkjøp av utstyr, reagens, samt delta i beslutningsprosessar der metodevalg inngår.
- Utprøving og verifisering av nye metodar/ nytt utstyr.
- Skrive og ajourføre nødvendige prosedyrar innan ansvarsområdet.
- Delta i avvikshåndtering innan ansvarsområdet.
- Ansvar for å fordjupe seg innan fagområdet og på den måten væra bioingeniørfaglig ressurs for avdeling for laboratoriemedisin.
- Opplæring av ansatte, samt å autorisere personell til arbeidsoppgåver innan ansvarsområdet.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Du bør ha:
- Erfaring frå medisinsk biokjemi.
- Erfaring med fagansvar og utvikling av rutinar.
- Erfaring med avvikshandtering og prosedyreskriving.
- Gode IKT-kunnskapar, gjerne i Excel.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har orden i arbeidet, tek ansvar og trivst med å jobbe sjølvstendig
- taklar hektiske periodar godt og trivst når det skjer mykje rundt deg
- samarbeider godt med andre og er tydeleg når du formidlar informasjon
- ser kva som må gjerast og likar å finne gode løysingar
- bryr deg om kollegaene dine og bidreg til eit trygt og godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- God opplæring og støtte i rolla di.
- Rom for fagleg og personleg utvikling.
- Ei dagstilling med arbeid omtrent kvar fjerde laurdag.
- Hjelp til reise- og flyttekostnader (inntil 20 000 kroner).
- Dekka husleige dei første seks månadene (inntil 60 000 kroner).
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4980304797
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 24.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Benedikthe Celine Hartvigsen
Funksjonsleiar
+47 93827930
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8517d289-b2b6-43c6-b968-804e63e71b90
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9f6498a803eb4d2092cc7cf7f2f16034