Engasjert sjukepleiar søkes til spanande og variert kvardag i heimetenesta
Heimetenesta Nord
Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Engasjert sjukepleiar, heimetenesta Nord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 14. august
Me ser etter deg som har høg fagleg kompetanse og som er oppteken av å gje gode helsetenester til folk i heimen. Som sjukepleiar hos oss får du varierte- og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, i eit triveleg arbeidsmiljø der me er opptatt av fagleg utvikling og samarbeid.
Fleire av våre dyktige sjukepleiarar skal i ut i fødselspermisjon, og derfor har me ledige stillingar i avdeling nord. Me har både ei fast 100% stilling og eit vikariat på 100% i eitt år. Arbeidet går i turnus (dag/ kveld), med jobb kvar tredje helg. Oppstart etter avtale.
Avdeling nord held til på Kvernaland omsorgssenter i flotte omgjevnader ved Stemmen. Her har me base for heimetenesta, bufellesskap med tre avdelingar, og eit dagsenter for eldre. Som sjukepleiar hos oss vil du få ein variert arbeidsdag der du følgjer opp brukara både i heimen og i bufellesskapet.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver i brukar sin heim og på bufellesskap.
- Dokumentera etter gjeldande lovverk.
- Iverksetta tiltak i samråd med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar.
- Medansvarleg for pasientflyt i avdelinga, i tett samarbeid med avdelingsleiar og Teneste- og samordningskontoret.
- Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar. Vernepleiar kan også vurderas til stillinga.
- Erfaring innan heimetenester og/eller rehabilitering er ønskeleg.
- God kunnskap innan sjukepleiefagleg dokumentasjon.
- Må kunna nytta aktuelle IKT-verktøy.
- Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha sertifikat for personbil.
- Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du må kunna kommunisera godt med brukarar, pårørande og kollegaer.
- Du må trivas med å jobba tverrfagleg.
- Du må evna å ha oversikt over avdelinga
- Du må ha evne til å arbeida effektivt og håndtera raske endringar i kvardagen.
- Du må vera trygg i rolla som sjukepleiar og kunna arbeida sjølvstendig.
Me tilbyr
- Lønn etter tariff
- Ein variert og fagleg utfordrande arbeidsplass
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Kjekke kollegaer og godt samarbeid
- Fadderordning for nytilsette
- Vi tilbyr moglegheit for fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø
- Gratis parkeringsplass
Er dette spennande ? Sjå filmen frå avdelingane våre (her)
Kontaktinformasjon
Maria Lisa Skulbru Knutsen, Leiar, 98864805, maria.lisa.skulbru.knutsen@time.kommune.noArbeidsstad
Gamle Åslandsvegen 274355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4984695893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84f143c0-8bba-4fdb-8d4f-1bdfb3785a40
- Hentet fra
talentech
- Referanse
49925cbf03be4695894d8059ff733063