Senterleder – Frysa Gym (vikariat 30–50 %)
Havstjerna Eigedom AS
Iglandsvika 18, 6727 Bremanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Senterleder
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 40%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Senterleder - Frysa Gym (vikariat 30-50 %)
Oppstart etter avtale • Varighet til september 2026 • Moglegheit for vidare engasjementFrysa Gym er eit moderne og sjølvstendig treningssenter som ligg i Iglandsvik på Bremangerlandet. Senteret opna i januar 2024 og har sidan første dag vore ein viktig møteplass for både ungdom, vaksne og eldre i lokalsamfunnet. Målet vårt er å skape ein inkluderande arena for helse, trening og sosialt fellesskap - i eit av dei vakraste kystområda i landet.
Senteret er på om lag 500 m² og utrusta med topp moderne utstyr frå Eleiko, eit stort og lyst styrkerom, frivektsområde og rom for gruppetimar. Vi tilbyr eit variert treningstilbod, inkludert gruppetimar for alle nivå, eigne ungdomstimar, kondisjonstimar og funksjonell trening. Vi har også personleg trenar for dei som ønskjer tettare oppfølging.
Som arbeidsplass er Frysa Gym prega av initiativ, utvikling og nærleik til brukarar og lokalmiljø. Vi samarbeider tett med lokale lag og organisasjonar og utviklar stadig nye treningsopplegg tilpassa ulike grupper. Vi er eit lite, dedikert team der du får stor påverknad, mykje ansvar og rom til å utforme både kvardagen din og dei prosjekta du brenn for.
Hos oss blir du ikkje berre ein del av eit treningssenter -- du blir ein nøkkelperson i utviklinga av helsetilbod og aktivitet i regionen. Dette er ein jobb for deg som ønskjer å skape noko, bygge relasjonar og bidra til eit trygt og inspirerande treningsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som senterleder vil du ha ansvar for den daglege drifta og vidare utvikling av Frysa Gym. Oppgåvene inkluderer:
-
Ansvar for instruktørar og oppfølging av desse
-
Utarbeiding og koordinering av gruppetimeplan
-
Gjennomføring av gruppetimar - særleg på dagtid
-
Samarbeid med lokale lag og organisasjonar
-
Vidareutvikling av spesialiserte treningsopplegg for ulike grupper
-
Delta i utviklingsprosjekt og strategiarbeid saman med dagleg leiar
-
Moglegheit til å utvikle dine eigne prosjekt og satsingsområde
Dette gir deg stor påverknad og fridom til å forme senteret og stillinga di.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
-
Relevant erfaring frå treningssenter, idrett, folkehelse eller anna relevant drift
-
Gjerne instruktørkompetanse eller erfaring med å leie gruppetimar
-
Evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
-
God struktur, samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
-
Engasjement for folkehelse og inkluderande treningsmiljø
-
Personleg eignaheit kan vege like tungt som formell utdanning eller erfaring
Personlege eigenskapar
-
Du er trygg, positiv og inkluderande
-
Du trivst med å skapa gode møteplassar for ulike aldersgrupper
-
Du liker å utvikle nye idear og prosjekt
-
Du er fleksibel, løysingsorientert og tek ansvar
Vi tilbyr
-
Eit spennande og variert vikariat i 30-50 % stilling
-
Moglegheit for forlenging etter september 2026
-
Stor fridom og rom til å påverke eigen arbeidskvardag
-
Nytt, moderne treningssenter med godt miljø og store utviklingsmoglegheiter
-
Ei sentral rolle i eit lokalsamfunn som Bremanger - med natur, friluftsliv og gode bustad- og tilflyttingstilbod
Rekrutteringspakken - fordeler ved å slå deg til ro i Bremanger
Ved å ta jobben som senterleiar i Frysa Gym - og velje å bu i Bremanger - kan du få fleire økonomiske og praktiske fordelar gjennom Bremanger kommunes rekrutterings-/tilflyttingspakke:
-
Inntil 200 000 kr i bustadtilskot for førstegongsetablerarar - som eit bidrag til bustadkjøp, bygging eller renovering av eigen bustad.
-
Sletting av 25 000 kr i studiegjeld per år dersom du vel å bu i kommunen - ein ordning for deg under 50 år.
-
Andre økonomiske støtteordningar og tilskot: bl.a. gratis barnehage for barn, fritidskort for barn/ungdom, ordningar som skal gjere det enklare å slå seg ned for familier.
Kort sagt: Bremanger vil ikkje berre tilby ei jobb - men også gode rammer for bustad, familie og fritid, dersom du ønskjer å etablere deg her.
Les meir om korleis det er å bu i Bremanger her: www.godebremanger.no
Søknad
Send kortfatta søknad og CV til siri@havstjerna.no .
Søknader blir vurdert fortløpande - oppstart etter avtale.
Vi gler oss til å høyre frå deg - og til å utvikle Frysa Gym vidare saman med deg, i vår vakre heimkommune.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Frysa Gym er eit moderne, sjølvstendig treningssenter i Iglandsvik på Bremangerlandet. Senteret opna i januar 2024 og består av ca. 500 m² med topp utstyr frå Eleiko, stort styrkerom, frivektsområde og eige grupperom. Vi tilbyr eit breitt spekter av gruppetimar, styrketrening, kondisjon og personleg trenar, og er ein viktig møteplass for både ungdom, vaksne og eldre i lokalsamfunnet.
Senteret har i dag 9 instruktørar, som saman bidreg til eit variert og inkluderande treningstilbod. Vi samarbeider tett med lokale lag og organisasjonar og utviklar spesialtilpassa treningsopplegg for ulike grupper.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84ef7c17-f167-46c6-a958-7565076b944f
- Sist endret
10. desember 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
84ef7c17-f167-46c6-a958-7565076b944f
Lignende annonser
Tenesteleiar Måløy Heimeteneste
Arbeidsgiver
Kinn kommune
Sted
Måløy
Arbeidsgiver
FLAM-BOOKING AS
Sted
Vestland
Teamleder (detalj)
Arbeidsgiver
Felleskassen
Sted
Bergen, Bergen, Vestland