Brukarstyrt personleg assistent (BPA)
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Sone Sogndal
, 6851 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. juni
Om stillinga
Ynskjer du ein fleksibel jobb som brukarstyrt personleg assistent (BPA) passar denne jobben for deg. Tenestemottakar er ei vaksen dame i rullestol. Me søker stabile personar til faste stillingar som brukarstyrt personleg assistent. Me søkjer òg etter ferie- og tilkallingsvikarar.
- 1 stk 50 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistanse med arbeid dagtid/ ettermiddag/kveld og 3. kvar helg.
- 1 stk 100 % fast stilling som brukarstyrt personleg assistanse med arbeid dagtid/ ettermiddag/kveld og 3. kvar helg.
- Tilkallingsvikarar med arbeid dag/kveld/helg frå juni 25 til juni 26.
- Ferievikar sommaren 2025
Det kan vera mogleg å tilpassa stillingane sin stillingsstorleik etter avtale mellom arbeidstakar og arbeidsleiar. Skriv i søknaden kva type stilling du er interessert i.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er varierte, men omhandlar praktisk- og personleg assistanse både i- og utafor heimen. Dette involverer oppgåver åleine eller saman med tenestemottakar, diverse husarbeid, personlege gjeremål som stell, dusj, av-/påkledning og andre førefallande oppgåver.
Kvalifikasjonar:
- Ingen formell utdanning krevst
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
- Politiattest må leggast fram ved tilsetting
- Ønskeleg med førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Påliteleg
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- God på samarbeid og kommunikasjon
Me tilbyr:
- Ein variert kvardag med spennande oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter tariff som assistent
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning. Tilsetting for tilkallingsvikar/ferievikar vil skje fortløpande. Tilsetting fast stilling vil skje etter søknadsfrist er ute.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84da2efc-b536-4794-9e74-ddd35857eb8d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3514755_209579_nn