Controller
ØKONOMIAVDELINGA, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84, 6412 Molde, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Controller
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein kunnskapsrik og engasjert økonom som har lyst på ein spanende jobb med mange utviklingsmoglegheiter? Då kan du vere den vi ser etter.
Helse Møre og Romsdal er fylkets største arbeidsgiver med eit driftsbudsjett på rundt 9 mrd kroner, og økonomiavdelinga har eit sterkt og godt fagmiljø med om lag 50 ansatte. Med det er vi blant de største økonomimiljøa i fylket. Mange av oss har lang erfaring innan helseøkonomi, mens andre bringer med seg erfaring frå privat næringsliv. Vi er organisert i fire seksjoner med ansvar for lønn og regnskap, innkjøp og logistikk, analyse samt økonomistyring.
Vi er no på jakt etter å styrke seksjon for økonomistyring som per i dag har 10 ansatte. Dei har hovedansvar for budsjettering, rapportering og økonomistyring, og jobber tett saman i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, samt tett på leiarar i foretaket.
Det er ein fordel om du har bakgrunn som controller og gjerne også relevant erfaring som kan bidra til å utvikle seksjonen. Nyutdanna med den riktige bakgrunnen kan også vere aktuelle for stillinga. Som controller er du ein sentral ressurs for leiinga av ein klinikk, både i oppfølgingen av dagleg drift, men også når det gjeld viktige strategiske beslutningar og retningsvalg for klinikken og foretaket. I tillegg vil du få ansvar for andre tverrgåande og overordna økonomioppgaver – dette vil vi tilpasse etter kva slags kompetanse du allerede har eller hva slags interesser og utfordringer du sjølv jaktar på.
Helse Møre og Romsdal er inne i ei svært spanende periode med to store byggeprosjekt. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal og nytt AIO bygg i Ålesund – prosjekt som skal legge til rette for nye driftskonsept og nye metoder for å møte behovet for helsetjenester i framtiden.
Økonomiavdelinga har ansatte både i Molde og Ålesund og arbeidsstad kan være begge stader. Du må påregne noko reising internt i fylket i denne jobben.
Vi ber om at attester og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Leiarstøtte og rådgivning på økonomiområdet
- Budsjett- rapportering og prognosearbeid
- Utarbeide månedsrapporter og presentasjonar
- Utarbeide beslutningsgrunnlag og analyser
- Bidra til kompetanseutvikling av leiarar innanfor økonomiområdet
- Andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- Du har gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system. Gode excelkunnskaper er ei forutsetning.
- Det er ønskeleg at du har erfaring med økonomioppfølging og økonomistyring
- Du har gode munntlege og skriftlege norskkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, strukturert og ryddig
- Du er nøyaktig og opptatt av å levere kvalitet
- Du evner å jobbe både i team og sjølvstendig
- Du utfordrar og opptrer støttande på same tid
- Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Å vere personlig egna vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Gode mogleheiter for fagleg og personleg utvikling
- Ein jobb som gir meining og bidreg til å skape verdi i samfunnet
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overenskomster
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eivind Monsås, Økonomisjef, +47 99504575, Eivind.Stokseth.Monsas@helse-mr.noRandi Myhre, Økonomidirektør, +47 97692996, randi.myhre@helse-mr.no
Arbeidsstad
Parkvegen 846412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4904485566
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2839691
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fb20f6adbe60491cb9c5fb7ee757ee05