Kommunal fysioterapeut - vikariat
Helsetenesta, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kommunal fysioterapeut - vikariat i 100% stilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Den kommunale fysioterapeuten gir tilbod til brukarar i heile livsløpet.
Fysio- og ergoterapeuten i Stranda kommune er samlokalisert og har eit tett samarbeid. Kontorstad er både på helsestasjonen og Stranda omsorgssenter.
Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og koordinering innan rehabilitering
- Funksjonsvurdering
- Delta i tverrfagleg samarbeid
- Koordinering av ansvarsgrupper
- Førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen
- Rettleiing av kollegaer, pasientar og pårørande
- Planlegge og organisere eigen arbeidskvardag
Kvalifikasjonar
- Du har offentleg godkjenning som fysioterapeut
- Gjerne erfaring i arbeid med barn; både forebyggande og behandlande arbeid
- Du har erfaring innen rehabilitering og tverrfaglig samarbeid
- Du har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Du må ha sertifikat og disponere bil då ein må pårekne noko kjøring i samband med arbeidet
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Gode tverrfaglege samarbeidsevner
- Fagleg engasjert
- Strukturert, fleksibel og omgjengeleg
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Evne til omstilling
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og variert arbeidskvardag, som du sjølv kan vere med på å utvikle og prege.
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Uformelt og godt arbeidsmiljø
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
- Nedbetaling av studielån om du bur i Stranda kommune.
Kontaktinformasjon
Josefine Gjerde, Einingsleiar helsetenesta, +47 46411089Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5000827212
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Josefine Gjerde
Einingsleiar helsetenesta
+47 46411089
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84cf9db5-50e4-4e88-8e78-abc0ab53b37f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
834f23c62a894bbf9eef83d353ff2110