Undervisning helsefag - fast stilling
Firda vidaregåande skule
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisning helsefag - fast stilling
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen omlag 150 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider òg med Nettskulen Vestland om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca. 65 tilsette ved skulen.
Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: musikk, dans, drama, studiespesialiserande, idrett og helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne. Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord
Skuleåret 2026-2027 tilbyr Firda vgs vidaregåande opplæring for vaksne innafor helsearbeidarfaget (modulstrukturert), vg3 tannhelsesekretær, vg3 helsesekretær, vg2 helseservicefag og vg1 helse- og oppvekstfag. Vi søkjer etter yrkesfaglærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse innafor helse- og omsorgsfaga.
Arbeidsoppgåver
Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på modulstrukturert opplæring for vaksne (helsearbeidarfaget).
Det kan også bli aktuelt med undervisning i programfag på vg1 helse- og oppvekstfag, vg2 helseservicefag og/eller vg3 helsesekretær, alt etter kva utdanning og arbeidserfaring ein har med seg.
Opplæringa er organisert som ein kombinasjon mellom nettundervisning, fysiske samlingar og praksisoppfølging.
Den som blir tilsett må ha gode pedagogiske evner, gode digitale ferdigheiter og kunne tilpasse fagstoffet til mangfoldet i gruppa.
Du må kunne samarbeide med både kollegaer og praksisfeltet om oppfølging og vurdering av deltakarar.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Kvalifikasjonar
Krav til kompetanse
- Relevant fagleg utdanning innanfor helsefag
- Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) eller anna godkjent pedagogisk utdanning
Det er ønskjeleg med:
- Undervisningserfaring
- Arbeidserfaring frå helsesektoren
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er god på relasjonsbygging og flink til å kommunisere
- Du er inkluderande og ser verdien av mangfald
- Du er engasjert og positiv
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap og samarbeidar godt med andre
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Gode høve til å eiga læring og utvikling
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stilling eller at tilbod ikkje blir satt i gong.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Du som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Søknadsfrist 10.04.2026.
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til avdelingsleiar Charlotte Østebø Nilsen, tlf 957 09 458 eller rektor Tove Hanne Ommedal, tlf. 930 93 933
Kontaktinformasjon
Charlotte Østebø Nilsen, avdelingsleiar, 95709458Arbeidsstad
Firdavegen 216823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5101629326
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 10.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Charlotte Østebø Nilsen
avdelingsleiar
95709458
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84b2556b-c84b-4251-bd80-754ee8432ff1
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
31fc388c593a415a815e380a8dbfa7b2