Miljøarbeider ressurssenter for demensramma
Kinn kommune
Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider ressurssenter for demensramma
Type ansettelse
Vikariat, deltid 90%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Ressurssenter for demensramma ved Vågsøy omsorgssenter i Måløy har ledig eit fast vikariat som miljøarbeidar i 70-90 % i perioden frå 1.4.2025-30.4.2026. Det kan verte aktuelt å dele stillinga alt etter kvalifikasjonar og preferansar hos eventuelle søkarar.
Ressurssenteret har som målsetnad å bidra til ein inkluderande og meiningsfull kvardag for den enkelte, samt å bidra til avlastning for pårørande. Ein legg vekt på å styrke både fysiske og kognitive ressursar hos den enkelte for auka livskvalitet og moglegheit for å bu lengst mogleg i eigen heim.
Det arbeidast heile tida for å tilpasse innhald og struktur etter den brukargruppa ein til ei kvar tid har. På den måten er tenesta til ei kvar tid under utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å utvikle og gjennomføre eit godt og variert aktivitetstilbod på Ressurssenteret, for å sikre eit tilrettelagt tilbod for ei variert brukargruppe.- Ha brukarmedverknad i fokus – legge til rette for at kvar enkelt brukar får delta i så stor grad som mogleg ut ifrå den enkelte sine ønskjer og ressursar.
- Bidra til å sikre gode samarbeid innad i eiga personalgruppe, med andre hjelpetenester i og utanfor kommuna, samt med frivillige som ønskjer å bidra til meiningsfulle aktivitetar for brukargruppa.
Kvalifikasjonar
Høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag er ein fordel, men lågare utdanning kan òg bli vurdert.
Erfaring innan demens vert vektlagt, samt personlege eigenskapar.
Sertifikat klasse B er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Arbeidet krev at du har evne til å møte menneske i ulike sinnsstemningar på ein god måte, gode samarbeidsevner og evne til å omstille deg ved uforutsette hendingar.
Kreativitet, samt eit framheva ønskje om å bidra til å sikre eit godt tilbod for nettopp vår brukargruppe verdsettast.
Vi tilbyr
ÅrsturnusFadderordning for nye tilsette
God pensjonsordning
Kompetanse lønnsstige
Legger til rette for videreutdanning og personleg utvikling i jobben
Engasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø
Intern opplæring og fagøkter
Fokus på etisk refleksjon
Kontaktinformasjon
Anita Brandal Solberg, Tenesteleiar Måløy heimeteneste, 91815678, anita.solberg@kinn.kommune.noArbeidsstad
Ytre Kulen 736718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4911452280
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847939
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5bbf8b5b86d34a0eb2cdf3dfbdc9d3e2