Lærar bygg- og anleggsteknikk
Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holmegata 14, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar bygg- og anleggsteknikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning innan bygg- og anleggsteknikk, og vil i utgangspunktet vere knytt til denne avdelinga. Avdelinga er spesielt ute etter kompetanse innan røyrleggarfaget, ventilasjonsfaget eller anleggsteknikk/grunnarbeid. Søkarar med kompetanse innan andre områder relevant for programområdet kan også vere aktuelle.
Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø som den som blir tilsett vil bli ein del av. Vi forventar at lærarar hos oss deltek aktivt i vidare utvikling av fagmiljøet, og bidreg på eige initiativ inn mot arbeidet. Dette inneber utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar.
Skulen er svært opptatt av at alle elevane våre skal ha eit godt og trygt læringsmiljø, og utvikle seg som fagpersonar innan aktuelle yrkesfaglege område. Det å tilrette for eleven si utvikling og læring er eit meiningsfullt og gjevande arbeid. Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar. Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar, og det kan også vere aktuelt at ein tek ansvar for ekstra tilrettelegging for elevar med særskilde behov for det.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har pedagogisk utdanning, relevant fagbrev og utdanning på fag- eller høgskulenivå. Vi er spesielt interessert i personar med kompetanse innan røyrleggarfaget, ventilasjonsfaget eller anleggsteknikk/grunnarbeid, men det kan også vere aktuelt med andre utdanningar relevant for fagområdet, som til dømes treteknikk eller tømrar.
Kandidatar som manglar pedagogisk utdanning og/eller utdanning på høgskulenivå oppmodast likevel til å søke då vi tilbyr gode ordningar for vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig, ha gode
samarbeidseigenskapar, og som har høge ambisjonar på vegne av elevane. Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen, som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar. Du må vere ein tydeleg leiar i klasserommet som evnar å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane.
Vi tilbyr
Stor satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling
- Eit spennande, godt og variert arbeidsmiljø som du blir ein del av, med faglege og personlege utfordringar
- Medlemskap i SPK
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Odd Erik Engetrøen, Avdelingsleiar BA, 97084148Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Arbeidsstad
Holmegata 146153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4956245847
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Bjørnar Sæterås
Rektor
+47 47344491
Odd Erik Engetrøen
Avdelingsleiar BA
97084148
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er rundt 340 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2925976
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5e192c4dea9b4ba79f772c5c14015988