Hopp til innhold

Butikkmedarbeidar Kari Traa butikken, 50% stilling

Arbeidsgiver

Voss Brandstore As

Sted

Skulegata 6, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Oppstart
27. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

Send søknad til

vossbrandstore@gmail.com

Kari Traa-butikken på Voss søkjer butikkmedarbeidar i 50% stilling!

Me ser etter ein person som er positiv, engasjert og motivert. Du har gjerne erfaring frå butikkbransjen frå tidlegare og tek uoppfordra ansvar. Høyrest dette ut som deg? Då kan det godt vere at det er akkurat deg me er ute etter.

Kari Traa-butikken / Voss Brandstore AS søkjer ein deltidsmedarbeidar i om lag 50 % stilling i eit eittårig vikariat. Arbeidstida vil vere på dag-, kvelds- og helgetid. Ein må rekne med ekstra arbeid i travle periodar, som i feriar.

Som butikkseljar i Kari Traa-butikken vil du, saman med kollegaene dine, ha ansvar for at butikken framstår som inspirerande, ryddig og innbydande. For oss er det viktig å gi kundane ei hyggeleg handleoppleving, god kundeservice og å vise god produktkunnskap.

Nøkkeloppgåver:
  • Bidra til å presentere ein spennande og ryddig butikk

  • Setje kunden i fokus

  • Alltid vere løysingsorientert

  • Samarbeide godt med kollegaer og butikksjef

  • Rydde og vaske i butikken

  • Kle opp utstillingsdukkene


Kvalifikasjonar:
  • Erfaring frå butikk er ein stor fordel

  • Utdanning innan sal- og servicefaget er positivt

  • Gode IT-kunnskapar, og evne til å meistre bruk av CRM- og POS-system

  • Du likar å selje

  • Du er fleksibel og villig til å stå på ekstra i travle periodar

  • Du er utadvend med godt humør

  • Du er flink til å ta ansvar

  • Du har god arbeidsmoral og stå-på-vilje

  • Du er sjølvstendig, rask og effektiv

  • Du kan ta i tunge løft når det trengst

  • Du er ryddig og strukturert

  • Du er interessert i klede og sko til fysisk aktivitet

  • Du er lettlært

  • Du er over 18 år

  • Du meistrar norsk, både munnleg og skriftleg

Kontaktperson for stillingen

Tiril Moen Eldegard

Butikksjef

vossbrandstore@gmail.com

Om bedriften

Voss Brandstore AS ( Kari Traa butikken)

Me sel kle og sko for ein aktiv kvardag.

Med eit godt utval av dei fremste norske merkevarene.

Kari Traa, Johaug, Dæhlie og Bula.

Hjå oss finn du kle og sko til både damer og menn.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

84848679-31e3-4a67-b80d-fd804c11a928

Sist endret

22. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

84848679-31e3-4a67-b80d-fd804c11a928

Lignende annonser