Vikariat for kommunal fastlege på Sandtangen legesenter
Helse og rehabilitering, Time kommune
Kirsten Brynes veg 7, 4344 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat i 6 mnd for kommunal fastlege på Sandtangen legesenter
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Time kommune har ledig 6 mnd vikariat for kommunal fastlege på Sandtangen legesenter på Bryne, frå 01.09.2025 - 28.02.2026.
Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.
Legesenteret består av 7 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.
Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.
Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver. Legekontoret er moderne utstyrt i flotte lokale. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen.
Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av listepasientar, listestørrelsen er på 950 pasientar
- Deltaking i interkommunal legevakt som er døgnbemanna med sjukepleiar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og gjennomført Lis1 teneste
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Interesse for allmennmedisin
- Gjerne erfaring med å arbeida på legekontor
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Kunna arbeida strukturert og sjølvstendig
- Gode språkferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg, tilsvarande nivå B2
- Me legg vekt på at den tilsette er eigna for stillinga.
Søkar må ha førerkort for personbil
Me tilbyr
- Tilrettelegging for spesialisering
- Aktivitetsbasert fastlønn eller næringsdrift.
- Godt fagmiljø med fastlegar og kommuneoverlege i kommunen
- Pensjonsordningar og forsikringar i tråd med Time kommune sine avtalar
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mosdøl, Leiar Sandtangen legesenter, 91548524, tmosdol@hotmail.comØystein Fjetland Øgaard, Kommuneoverlege, 45662014, oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no
Lene Hammervold Olsen, Verksemdleiar helse og rehabilitering, 92284538, lene.hammervold.olsen@time.kommune.no
Arbeidsstad
Kirsten Brynes veg 74344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4981865465
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Lene Hammervold Olsen
Verksemdleiar helse og rehabilitering
92284538
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8462590b-fa01-42bf-bd02-02962df5bcfd
- Hentet fra
talentech
- Referanse
536639fe0ff04281b6f39fa0949edcbf