Hopp til innhold

Lærarstillingar - vikariat 

Arbeidsgiver

Gimle skule, Fyresdal kommune

Sted

Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærarstillingar vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Gimle skule har ledige stillingar.

Gimle skule er ein 1.-10. skule som ligg midt i sentrum av Fyresdal i nærleik til symje- og idrettshall, kulturhus, bibliotek, helsehus og barnehage. Det er også gangavstand til butikkar og bygdemuseum. Skulen har skateanlegg, leikeapparat og to fotballbanar som elevane kan utfalde seg på, i tillegg til at den ligg rett ved Hamaren Aktivitetspark som er tilrettelagt for både leik, vandring og sykkel. Etter skuletid brukast skulen av SFO og kulturskulen.  

På Gimle skule arbeider vi kontinuerleg med å skape trygge og gode skulemiljø for elevane kor dei kan oppleve fagleg meistring og sosial inkludering. Per november 2025 går det 141 elevar ved skulen og det er om lag 30  årsverk. Skulen har rektor og inspektør, samt tre lagleiarar som er knytt opp mot småsteg, mellomsteg og ungdomssteg.  Eigen pedagogisk leiar i SFO. 

Vi har for noverande skuleår ledig inntil 200 % vikariat. 

Intervju vil skje fortløpande.
Oppstart: Omgåande.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i fag i tråd med lovverk og læreplanar
  • Tett samarbeid med heimar, kollegaer, PPT/BUP gjennom heile skuleåret
  • Delta i skulens kompetanse- og utviklingsarbeid
  • Kontaktlærarfunksjon kan bli tildelt
  • Undervisning knytt til ITO og grunnleggjande norskopplæring for tospråklege elevar, ein til ein, i gruppe eller klasse

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning frå universitet/høgskule, jf. opplæringslova §17 og Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa § 12
  • God digital kompetanse til å nytte skulens digitale plattformer - vi brukar blant anna Office 365 og ulike Visma-plattformer
  • Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i eit eller fleire basisfag og språkfag
  • Erfaring med foreldresamarbeid

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor elevar og kollegaer
  • Interesse for og evne til å setje seg inn i nye digitale plattformer/verktøy ved behov
  • Trygg og tydeleg leiar i klasseromma og inneha god relasjonskompetanse
  • Inneha eit positiv elevsyn og tru på at elevane kan lykkast
  • Engasjert, fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Ein spennande og variert kvardag
Anna informasjon:
  • Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.  
  • Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest.  
  • Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert.

Kontaktinformasjon

Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52

Arbeidssted

Fyresdalsvegen 2237
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5046934943
Søknadsfrist: 11.12.2025

Om bedriften

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

84511346-bc84-44b5-9ac5-d62a80e91d65

Sist endret

12. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

a25999b4286c40b68e7feb46e5bef8c3

Lignende annonser

Laster lignende annonser