Ergoterapeut 100 % vikariat
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Stillingstittel
- Ergoterapeut 100 % vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Er du ergoterapeut og ute etter nye utfordringar?
Vi har ledig 100 % vikariat som ergoterapeut frå februar 2026. Lengede på vikariat etter avtale. Stillinga er organisert under Heimetenestene, førebygging og meistring.
Fokusområdet vil vere å tilrettelegge for meiningsfull aktivitet, deltaking og meistring og målet er at alle skal bu heime lengst mogleg og vere deltakande i eige liv. Du vil arbeide i eit fagmiljø beståande av ergoterapeut, fysioterapeut, hjelpemiddelteknikar og andre samarbeidspartnarar. Tverrfagleg samhandling er viktig for å oppnå vårt fokusområde. Du vil arbeide sjølvstendig med moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag.
Heimetenestene i Sykkylven består av heimesjukepleie, dagsenter, demensteam, kreftkoordinator, ergoterapi, fysioterapi, hjelpemiddel, korttid/rehabiliteringsavdeling. Arbeidsområde er heile Sykkylven kommune.
Arbeidsoppgåver
- Førebyggjande og rehabiliterande tiltak ovanfor menneske i alle aldrar som har eller kan få vanskar med daglege aktivitetar, i eigen heim og i institusjon
- Bustadtilpassing
- Hjelpemiddelformidling
- Delta i innsatsteam saman med fysioterapeut i tett samarbeid med heimetenesta med fokus på kvardagsmeistring
- Syns- og hørselskontakt
- Samarbeide med eksterne og interne aktørar
- Rettleiing av brukar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Dokumentasjon i journalsystemet Visma Profil
- Utvikling av tenesta
- Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent ergoterapeut
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og hjelpemiddelformidling er ein fordel
- Du må ha førerkort klasse B og kunne nytte eigen bil i tenesta
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein positiv, motivert og engasjert kollega
- Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å jobbe sjølvstendig
- Komfortabel med å ta sjølvstendige avgjersle.
- Du ønsker å arbeide med vaksne og eldre
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og likar å arbeide tverrfagleg
- Du har evne til å prioritere og koordinere.
- Opptatt av kvalitet og utvikling av tenesta
- Ein god kollega i teamet
- Personleg eignaheit vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og inkluderande kollegaer
- Ei teneste i utvikling
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låne- og forsikringsordningar
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 90720164, kanutte.roald@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5080870926
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8413919b-a2a8-47fc-8b09-9b556f08e0b1
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
71404c5166304ada95d41af9c78613f9
Lignende annonser
Ferievikarar 2026
Arbeidsgiver
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven, Sykkylven
Arbeidsgiver
Kommunalområde helse, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Helsefagarbeidar - vikariat ved Valderøy omsorgsdistrikt heimebasert omsorg
Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Sted
Valderøya