Undervisningsstilling yrkesfag
Setesdal vidaregåande skule, avd. Hornnes, Agder fylkeskommune
Gymnasvegen 7, 4737 Hornnes
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling yrkesfag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hornnes, Valle og Hovden. Visjonen vår er "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald", og skulens fokusområde er læringsmiljø, elevmedverknad og vurdering. Avdeling Hornnes har utdanningstilbod innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, byggfag, teknologi- og produksjonsfag og kvardagslivstrening.
Det er frå 01.08.2024 ledig fast undervisningsstilling i inntil 150% på avd. Hornnes. Vi søker etter pedagogar til undervisning innan programområdet vg2 transport og logistikk. Stillinga omfattar opplæring mot yrkessjåfør, logistikk, kran- og lyfteoperasjonsfaget. Dei som blir tilsett må ha erfaring i faget/bransjen og sertifikat for tunge køyretøy. Sertifisering som truckinstruktør, og kompetanse innan ADR er ein fordel. Vi tek atterhald om at tilbodsstrukturen blir vedteken og eventuell overtalige i fylkeskommunen.
Agder fylkeskommune meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi jobbar derfor for eit inkluderande arbeidsliv og har eit mål om at våre tilsette i størst mogleg grad speglar mangfaldet i samfunnet. Vi har tett og godt samarbeid med bedriftshelsetenestene, og vi jobbar for å tilretteleggje for at alle våre tilsette kan utøve sitt arbeid på best mogleg måte. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld dersom du har hatt opphald i arbeidslivet ("hull i CV-en").
Arbeidsoppgåver
- Du skal planleggje, gjennomføre og vurdere teoretisk og praktisk opplæring
- Aktiv deltaking i faglig og pedagogisk arbeid
- Delta aktivt i arbeidet med elevanes trivsel og læringsmiljø
- Ha fokus på læringsmiljø, elevmedverknad og vurdering, og rettleie elevar for mest mogleg læringsutbytte
- Kontakt og samarbeid med næringslivet
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og yrkesteoretisk kompetanse innan fagområdet
- Pedagogisk utdanning
- Relevant erfaring innan fagområdet og kjennskap til bransjen
- Ønskeleg med erfaring/kjennskap til videregåande utdanning og undervisningserfaring
- Truckførersertifikat og sertifikat for tyngre køyretøy
- Kjennskap til relevante forskrifter innan fagområdet transport og logistikk
Personlege eigenskapar
- Du har god formidlingsevne og faglig tryggleik
- Du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning slik at den fører til læring og lærelyst for alle elevane
- Du har evne til å skape eit godt samarbeid og gode relasjoner med elevar, kollegaer og leiing
- Du har evne til å omstille deg i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Liten og oversiktleg skule
- God pensjonsordning i KLP/SPK. For meir informasjon om pensjon og våre øvrige gode, sjå vår nye nettside: www.agderfk.no/jobb
- Tilsetting i tråd med gjeldande lover og regelverk i Agder fylkeskommune
Kontaktinformasjon
Trond Haugom, Avdelingsleder skole, +4790995292Jens Petter Røed, Rektor/Virksomhetsleder, +4746937401
Arbeidssted
Gymnasvegen 74737 Hornnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Agder fylkeskommuneReferansenr.: 4787019285
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2603176
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dfdbc1b8f10d4af78cb516f655c01f63