Vi søkjer ein jurist til engasjement i 9 månader
Helse- og omsorgsdepartementet
Teatergata 9, 0180 Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Engasjement som rådgjevar/seniorrådgjevar, jurist, i Folkehelseavdelinga
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Om folkehelseavdelinga
Folkehelseavdelinga har ansvaret for utvikling og oppfølging av folkehelsepolitikken og har ansvar for ei rekkje lovområde, til dømes folkehelselova, matlova, kosmetikklova, alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga, lovgjevinga for miljø og helse og for strålevern.
Internasjonalt samarbeid, inkludert arbeid knytt til EU/EØS og WHO, er ein viktig del av oppgåvene i avdelinga.
Ansvarsområde som smittevern, drikkevatn og strålevern gjer at avdelinga har ei sentral rolle innan beredskapsfeltet.
Folkehelseavdelinga har tre seksjonar: Seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk, Folkehelseseksjonen og Seksjon for ernæring og mattryggleik.
Om stillinga
Vi søkjer ein jurist til eit engasjement på inntil 9 månader som rådgjevar/seniorrådgjevar.
Stillinga er plassert i Seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk.
Dei juridiske saksbehandlarane inngår i eit juridisk team i avdelinga som jobbar på tvers av seksjonane, og den som vert tilsett må rekne med arbeidsoppgåver også utanfor eigen seksjon. Seksjonen har ansvar for førebyggingspolitikken på områda alkohol, narkotika og tobakk, inkludert ansvar for alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga og eigarstyring av AS Vinmonopolet. Seksjonen har òg ansvar for det internasjonale arbeidet på fagfeltet, inkludert arbeid knytt til EU/EØS. Arbeidsoppgåvene vil vere knytte til dei juridiske ansvarsområda i avdelinga.
Arbeidsoppgåver
Den nye kollegaen vår skal arbeide med:
- utgreiingsoppgåver/regelverksarbeid
- juridisk sakshandsaming
- vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå enkeltpersonar, førebu saker til den politiske leiinga knytte til saksfeltet og avdelinga sine oppgåver, for å ta vare på rettslege omsyn og god forvalting.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
KvalifikasjonarDu må ha- juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap med gode resultat
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk
For stilling som rådgjevar krev vi som hovudregel minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar som hovudregel minst 6 år relevant erfaring.
Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova
Vi vil vektleggje:- Kjennskap til offentleg forvalting
- Relevant erfaring, inkludert frå arbeid i departement, utgreiingsoppgåver og regelverksarbeid og/eller internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid
- Forståing av samspelet mellom politikk og forvalting
- Kjennskap til og interesse for saksområda i seksjonen og avdelinga
- tek initiativ, er sjølvstendig, strukturert og effektiv
- har gode analytiske og strategiske evner
- er pliktoppfyllande og har god gjennomføringsevne
- er raus, fleksibel og omgjengeleg og har vilje til å arbeide tverrfagleg
- er god til å motivere og involvere kollegaer
- er engasjert og flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
- har god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.
Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Vi tilbyr
- stillingsbrøk: 100 %
- sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
- eit spennande arbeidsområde med godt høve til fagleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
- 5 veker ferie, fleksitidsordning og gode velferdsordningar
- god pensjons- og låneordning gjennom Statens Pensjonskasse
- 2 timer trening i arbeidstida i uka
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova.
Løn:kr 640 000 - 950 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Bakgrunnssjekk
HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har om lag 250 tilsette.
Les mer om oss på regjeringen.no. Les mer om hvordan det er å jobbe hos oss på Jobb i HOD.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
83ab6ed2-cd82-4b4d-8d2a-a533159afa18
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261024