Førsteamanuensis (50%) i møbel- og produktdesign
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Førsteamanuensis (50 %) i møbel- og produktdesign
Type ansettelse
Åremål, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis
Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design, er det ledig ei åremålsstilling for 6 år som førsteamanuensis (50%) i møbel- og produktdesign, med fokus på teikning og form. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver/ansvarsområde:
Vi søker ein førsteamanuensis til undervisnings- og forskingsrelaterte oppgåver innafor fagområdet møbel- og produktdesign. Stillinga blir knytt til studieretninga Møbeldesign og interiørarkitektur.
Den som vert tilsett må ha brei designfagleg bakgrunn og praksis innan møbeldesign eller produktdesign og vere motivert og kvalifisert for å arbeide i tverrfaglege kontekstar og prosjekt, samt gjere varierte undervisningsoppgåver innanfor fagområdet.
Vi søkjer ein person som aktivt bruker teikning og formstudiar som metode i sitt arbeid. Erfaring med undervisning innan teikning vil bli vektlagt. Stillinga vil innebere å utvikle undervising innan teikning og form på instituttet saman med fagmiljøet. Stillinga omfattar undervisning i grunnleggande teikneteknikk for designarar, der teikning vert brukt både som undersøkande verktøy og til formidling. Erfaring frå konseptutvikling, prototyping og verkstadarbeid der funksjon og utforming dannar ein heilskap vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver:- Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
- Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
- Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkludert prosjektutvikling og -leiing. Utvikling av søknader om ekstern finansiering og leiing av forskingsgrupper kan bli aktuelt.
- Hovudrettleiar for BA-, MA-, og Ph.d.-studentar.
- Rekruttering av BA-, MA-, og Ph.d.-studentar.
- Formidling.
- Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
- Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid kan bli aktuelt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
For stilling som førsteamanuensis vert det kravd doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved kunstnarisk arbeid av same omfang og kvalitet, i kombinasjon med høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde; møbeldesign, produktdesign eller industridesign.
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:
- Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
- Evne til å reflektere over egen underviserrolle, og til å diskutere og grunngje val i egen undervisning og rettleiing.
Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:- Dokumentert erfaring med å bruke teikning som verktøy i designprosessar.
- Dokumentert undervisningserfaring i teikning og form
- Solid praktisk og teoretisk kunnskap om ulike material sine eigenskapar og bruk i industriell produksjon.
- Ein utvikla praksis innan fagområdet.
- Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
- Organisatoriske evner og erfaring.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
- Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsfull, fleksibel og imøtekomande.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr 757 600 – 798 000 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der søkaren gjer greie for si motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
- CV
- Vitnemål og attestar
- Materiale som dokumenterer kunstnarleg (designfagleg) utviklingsarbeid og designfagleg verksemd/ næringsprosjekt.
- Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar (pedagogisk mappe)(skjema til nedlasting/utfylling).
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Gustav Kvaal, e-post: Gustav.Kvaal@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
83a6b950-20d7-4907-a698-fdafcf913c64
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264297