Regional koordinator
Kirurgisk serviceklinikk/ Fag- og forskingsavdelinga, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Regional koordinator
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Norsk intensiv- og kriseregister (NIKreg) er eit nasjonalt register innanfor spesialisthelsetenesta. NIKreg inneheld data om intensivopphald, om pasientar innlagd i samband med krise eller pandemi, og om ressursar i spesialisthelsetenesta. Målsettinga vår er å samle inn data av høg kvalitet og å tilby datasett og analysar som er godt tilpassa dei ulike brukargruppene våre. Per dags dato har registeret åtte tilsette i til saman fem fulle stillingar, der seks av dei tilsette arbeider i Bergen.
No har vi ledig ei variert og utfordrande stilling som regional koordinator i krise- og ressursdelen av NIKreg. Registeret har ein regional koordinatorar i kvar helseregion, og stillinga som no er ledig skal dekke Helse Vest. Den som blir tilsett skal vere med på å bygge opp god registrering av spesialisthelsetenesta sine ressursar i Helse Vest. Ved ei krisehending vil du vere sentral i å sørgje for korrekt og komplett registrering av pasientar på alle sjukehus i Helse Vest. NIKreg er i rask utvikling, og denne stillinga gir anledning til å vere med på eit spennande og utfordrande nybrottsarbeid innanfor registerfeltet.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å utvikle strukturert registrering av ressursar
- Sørgje for at ressursoversikta er oppdatert
- Oppfølging og kontroll av datainnsamling frå ulike datakjelder
- Sørgje for korrekt og komplett registrering i normal drift og i krise
- Kontroll og audit av registrering
- Planlegge og gjennomføre nasjonale, regionale og lokale møte
- Vere kontaktperson for datainnsamling i sin region
- Teste og halde ved like registreringsverktøy
- Bidra til å vidareutvikle datasett
- Utarbeide og følge opp rapportar
- Arbeide for betre datakvalitet
- Bidra i andre delar av registerdrifta ved behov
Kvalifikasjonar
- Norsknivå B2 munnleg og skriftleg
- Fortrinnsvis utdanning på masternivå innan analyse, beredskap eller helsefag
- Relevant erfaring kan kompensere for utdanning på lågare nivå
- Brei erfaring frå og god kjennskap til spesialisthelsetenesta
- Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med beredskap eller analyse er ein fordel
- Stillingar i NIKreg forutset sikkerheitsklarering
Personlege eigenskapar
- Du meistrar norsk språk svært godt, både munnleg og skriftleg, og er god til å kommunisere uavhengig av kva bakgrunn dei du møter har
- Du trivst med varierte arbeidsoppgåver og evnar å sjå verdien i og viktigheita av god datakvalitet
- Du kan arbeide sjølvstendig med utvikling av ressursoversikt i regionen, er løysingsorientert og fleksibel, samstundes god evne til samarbeid
- Du er komfortabel med rolla som møteleiar og undervisar, både digitalt og fysisk. Ikkje minst må du kunne trivast med heimekontor, kontorplass i regionen og pendling til Bergen
Vi tilbyr
I NIKreg legg vi vekt på eit godt arbeidsmiljø der gode sosiale relasjonar er ein naturleg del av arbeidsplassen. Vi legg til rette for både fagleg og personleg utvikling. For alle tilsette er det mogleg med heimekontor i delar av stillinga. Tilsette i Bergensområdet må være til stades på kontoret minst halvdelen av tida, inkludert kjernetid. Tilsette utanfor Bergen må delta på digitalt fellesmøte kvar veke. Reising både i og utanfor Noreg er ein naturleg del av registerdrifta for alle tilsette.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Alnes Buanes, Overlege, 95937182Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4990143983
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 20.08.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
839a1e63-7de2-49c7-b377-f2c1c7039ee2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b93c52bc754049c28fe352b324309938