Hopp til innhold

Lærar Brattvåg ungdomsskule

Arbeidsgiver

Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune

Sted

Dalevegen 50, 6270 Brattvåg

Om jobben

Stillingstittel
Lærar Brattvåg ungdomsskule
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Brattvåg ungdomsskule søkjer ein engasjert og dyktig lærar til 100 % fast stilling frå og med skuleåret 2026/27. Stillinga kan innehalde kontaktlæraransvar.

Vi ønskjer oss spesielt søkjarar med fagkombinasjonane matematikk, naturfag og kroppsøving. Andre relevante fagkombinasjonar vil òg bli vurderte.

Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg i Haram kommune, tett ved Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette, og elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Vi er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, og vi arbeider digitalt i Teams og Office 365.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn og ungdom. Vi har eit arbeidsmiljø med fokus på godt samarbeid og høg trivsel, både saman med elevar og kollegaer. 

I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Ønskjer du å vere med å forme framtida til ungdommane i Haram? Vi ser fram til å høyre frå deg!



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag, med hovudvekt på matematikk, naturfag og kroppsøving.
  • Tett samarbeid i team, der ein planlegg, evaluerer og utviklar praksis saman.
  • Deltaking i utviklingsarbeid og kontinuerleg fagleg oppdatering.
  • Samarbeid skule–heim, i tett dialog med føresette.
  • Relasjonsbygging mellom lærar og elev, med vekt på tryggleik, respekt og læringsglede

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse og relevant fagkompetanse for stillinga.
  • Erfaring frå ungdomstrinnet er ein fordel.
  • Søkjar må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.
  • God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein god rollemodell med gode omsorgsevner for barn og ungdom.
  • Du er fagleg sterk, engasjert og stødig i møte med elevar.
  • Du har god relasjonskompetanse og er glad i å vere saman med ungdom. 
  • Du kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og godt samarbeid og god kommunikasjon med dine kollegaer er viktig for deg
  • Du likar ein hektisk og variert kvardag. 
  • Du er opptatt av utvikling og forbetring, både av eigen og skulen sin praksis. 

Vi tilbyr

  • Eit kompetent og triveleg kollegium med fokus på samarbeid og trivsel.
  • Ein skule i utvikling, med tydeleg pedagogisk retning.
  • Gode digitale arbeidsverktøy og moderne læringsarenaer.
  • Moglegheit for fagleg utvikling og påverknad i eit profesjonsfagleg fellesskap.

Kontaktinformasjon

Lars Flem Åkre, Verksemdleiar/rektor, 95861787, lars.flem.akre@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 50
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5099258647
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Lars Flem Åkre

Verksemdleiar/rektor

95861787

lars.flem.akre@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

83997e60-b8e4-485f-9b0d-1939551549a2

Sist endret

23. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3d76b1b23ae947b487b7905f11847c4d

Lignende annonser

Laster lignende annonser