Instruktørtannlege (vikar 2x20%)
Universitetet i Bergen
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Instruktørtannlege (vikar 2x20%)
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAInstruktørtannlege (fleire vikariat)
Ved Det medisinske fakultet,Institutt for klinisk odontologi | Universitetet i Bergen er det ledig to vikariat ( 2 X 20 %) som instruktørtannlege, med tilsetjing frå veke 10 til og med veke 25, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for Kariologi, og dei utlyste vikariata vil være knytte til Ferdighetssenteret i kariologi.
Det er ein føresetnad at søkjar kan arbeide 20% fordelt på to dagar per veke og starte i stillinga i uke 10, tidlegare erfaring med studentundervising vil bli vektlagt.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved andre seksjonar ved behov.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning, rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg kan det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere mogleg å delta i faglege fora
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Det er ønskjeleg med erfaring frå allmenn praksis og undervisnings– eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar og tidlegare erfaring med studentundervisning verte vektlagd.
Undervisningsspråket er til vanleg norsk
For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.
Vi tilbyr:
- spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- løn for tida kr 700 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten. For søkjar med spesial- /spesialistkompetanse er løn for tida kr 730 000 (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
- oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
- søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språk
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Ewa Rodakowska (ewa.rodakowska@uib.no, tlf 55586663)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikkOdontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.
- Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
- Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
- Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
- Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.
Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her: Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiB
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
838693ca-a758-4a30-80be-886acd602162
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278292
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bergen Tannklinikk As
Sted
Bergen
Universitetslektor II i creative coding (20 %) ved Institutt for design (kopi)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Tannlegespesialist
Arbeidsgiver
Torgallmenning Tannleger
Sted
Bergen