Vil du vera med og utvikla den gode skulen i Austevoll?
Austevoll kommune Oppvekst, kultur og fritid
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Kommunalområdet Oppvekst, kultur og fritid er ei eining med omlag 175 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, Austevollbadet og bibliotek. Vi har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Ved Selbjørn skule har vi ledig to nyoppretta stillingar som avdelingsleiarar frå 1. august 2023.
Ingen kan skapa ein god skule åleine. Vi ønskjer deg som vil vera med og leia utviklinga av skulen sitt profesjonelle fellesskap, som har motivasjon og interesse for å vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon og som er engasjert i kvalitetsutviklingsarbeid. Slik kan vi få realisert det kollektive ansvaret for elevane si læring. Som avdelingsleiar går du inn i leiarteamet ved skulen.
Arbeidsstad:Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Dei fleste tilsette er pedagogar – og spesialpedagogar, men vi har òg miljøarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Skulen har meistring og trivsel som motto, og er med i Trivselsleiar-programmet. Skulen skal innføra avdelingsleiar-modell frå hausten 2023 og desse vil saman med rektor utgjere leiarteamet på skulen.
Skulen ligg flott til i Bekkjarvik, kor det er gode handels-, kultur- og servicetilbod. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal og flott musikkavdeling. Her er fantastiske uteområde, med kunstgrasbane, tennisbane, sandvolleyball, leikepark, sandstrand og turløyper.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Personalansvar for tilsette:
- Medarbeidarsamtalar
- Fråvær – og sjukefråværsoppfølging
- Kompetanseutviklingsplanar
- Rettleiing
- Utvikla gode rutinar for digitale system
- Rullerande ansvar for vikarar
- Nytilsette
Dagleg drift og fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid:
- Samarbeid og fagleg pedagogisk utviklingsarbeid
- Koordinera samhandling med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
- Heim – skule samarbeid
- Leggja til rette for og følgja opp kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar og elevundersøkinga
- Elevane sitt skulemiljø, særleg § 9A i opplæringslova
- Inkluderande læringsmiljø
- Godkjent lærarutdanning
- Leiarutdanning /leiarerfaring er ein fordel
- God IKT-kompetanse
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid
- Gode ferdigheiter innafor klasse-/læringsleiing og relasjonsleiing, samt skuleutvikling
- Kunnskap om førebyggjande arbeid og tidleg innsats
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det vil bli lagt stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Personlege eigenskapar:
- Du er fagleg engasjert, likar utfordringar og tek initiativ til å jobba fram forbetringar og gode løysingar
- Du har gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse, er tydeleg og kommuniserer godt og respektfullt med elevar, føresette og tilsette
- Du er sjølvstendig, men også samarbeidsvillig og løysingsorientert
- Du er ein lagspelar som jobbar systematisk
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit fagmiljø i utvikling
- Spanande utfordringar
- Som avdelingsleiar i Austevollskulen må du pårekna at inntil 50% av arbeidet vil vera undervisning/ 37,5 t arbeidsveke
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn etter avtale
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279854
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3127725_177217_nn