Postdoktor i legemiddelkjemi
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor i legemiddelkjemi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i legemiddelkjemi
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i legemiddelkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til forskningsprosjektet "Validating fatty acid synthesis enzymes as targets for antibiotics against Pseudomonas aeruginosa and other Gram-negative bacteria", som er finansiert gjennom FRIPRO-programmet i Forskningsrådet.
Hovudmålet med dette prosjektet er å utvikle inhibitorar av to enzym som er essensielle for feitsyresyntese hjå bakteriar, for å kjemisk stadfeste desse enzyma som gode angrepsmål for framtidige antibiotika. Prosjektet har eit særleg fokus på å styrkje utviklingsløpet for antibiotika mot karbapenem-resistente Pseudomonas aeruginosa. Vi vil bruke ein struktur-basert tilnærming og utforske både kovalente og ikkje-kovalente inhibitorar, og vi vil tidleg i prosjektet undersøke opptaket av kjemisk framstilte sambindingar i P. aeruginosa for å styre optimaliseringsprosessen
Prosjektet er del av eit tverrfagleg samarbeid mellom forskingsgrupper frå fleire europeiske land, og omfattar ekspertar innan struktur-basert design, medisinsk kjemi, organisk syntese og legemiddelutvikling.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
- Forskingsområdet vil være innan design og syntese av små organiske sambindingar. Du vil verte ansvarleg for design av nye sambindingar som mål for syntese, utvikling av synteseruter og syntese av dei ønskja sambindingane. Arbeidet vil baserast på sambindingar som er identifisert enten gjennom high-throughput screening, fragmentbasert screening eller molekylært design av andre prosjektmedlemmer. Du vil få i oppgåve å utvikle nye synteseruter og bruke disse til å produsere bibliotek av sambindingar med siktemål om å fastslå samanheng mellom struktur og aktivitet. Eit viktig element i syntesestrategiane vil være fleksibilitet. Vi planlegg å nytta instituttet sitt laboratorium for automatisert kjemi og den nasjonale infrastrukturen NorHTE, som er under etablering, for å optimalisere syntesesteg (og synteseruter) ved bruk av maskinlæring i autonome optimaliseringsprosessar og for parallellsyntese.
- Du vil jobbe i team saman med andre syntese- og legemiddelkjemikarar. Arbeidsoppgåvene vil være varierte, og du vil få moglegheit til å bidra til å utvikle nye løysingar i eit forskingsmiljø med fokus på innovasjon. Prosjektet er i skjeringspunktet mellom kjemi og biologi, og ditt engasjement i prosjektet samt bidrag til tverrfagleg kommunikasjon vil være viktig for å nå forskingsmåla. Biokjemiske analysar vil verte utført av andre prosjektmedlemmar og eksterne partnarar.
- Det er forventa at kandidaten deltar i rettleiing av doktor- og mastergradstudentar og i faglege aktivitetar i forskingsgruppa og på Kjemisk institutt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor legemiddelkjemi eller organisk syntese. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 20. juli 2025. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Høg kompetanse og brei erfaring i organisk syntese er eit krav.
- Erfaring med fleir-trinns syntese er eit krav.
- Erfaring med syntese, oppreinsking og strukturoppklaring av polyfunksjonelle organiske sambindingar er eit krav.
- Erfaring innan legemiddelkjemi er eit krav.
- Erfaring med utstyr for automatisert syntese er ein fordel.
- Erfaring med molekylmodellering/docking er ein fordel.
- Erfaring frå arbeid i tverrfaglege prosjekt vil vere ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeide med andre. Vi er på jakt etter ein person som er nysgjerrig og entusiastisk for arbeidet sitt, og som kan bidra positivt til eit engasjerande og inkluderande arbeidsmiljø.
- Søkjaren må ha gode og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til inntil 3 år og 3 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt).
For denne stillinga planlegg vi at personen som vert tilsett skal jobbe 6-9 månader (over to besøk) ved Helmholtz-Zentrum für Infektionsforschung i Braunschweig i Tyskland. Opphalda er avhengig av ekstra finansiering frå Forskningsrådet, og det er eit krav at søkjaren tilfredsstiller krav for å motteke slik finansiering og er villig til å besøke dette instituttet på et forskaropphold. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV (må lastast opp som eit separat dokument, maksimalt 3 sider eksklusive publikasjonsliste)
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 20.07.2025)
- CV må innehalde spesifisert informasjon om dine engelskkunnskapar.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bengt Erik Haug, Kjemisk institutt, telefon 55 58 34 68 / e-post: bengt-erik.haug@uib.no eller instituttleder Magne Sydnes, Kjemisk institutt, telefon 55 58 33 60 / e-post: magne.sydnes@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
832e6b9f-8462-4760-bcf2-03988e327cf0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254987