ID 976 - Lærling frå haust 2025 i Fitjar kommune
Fitjar Kommune
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ernæringskokk
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Fitjar kommune søkjer etter lærlingar for oppstart hausten 2025
Me søker etter lærling innan faget:
Fitjar kommune er ein triveleg arbeidsplass som byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling.
Me ser etter deg som:-
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
-
Viser omsyn og respekt.
-
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
-
Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike situasjonar.
-
Viser forståing for andre.
-
Viser ansvar og er påliteleg.
-
Fullført eller gå på Vg2
-
Løn etter tariff.
-
Godt arbeidsmiljø.
-
Gode læresituasjonar.
Som lærling vil du få god opplæring i eit profesjonelt miljø, men det krev også pålitelegheit, eigeninnsats og engasjement for å lykkast og utvikle deg i faget.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for å ta ansvar for eigen læring og utvikling. Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk for lærlingar i kommunal verksemd. Attestar og vitnemål tas med til eit eventuelt intervju.
Har du ein lidenskap for matlaging og ønskjer å utvikle dine kulinariske ferdigheiter? Vi tilbyr ein spennande lærlingplass der du får moglegheita til å jobbe i vårt kjøkken og lære av dyktige kokkar. Du vil vere med på å lage næringsrike og smakfulle måltid til våre innbyggjarar.
Som kokkelærling vil du få omfattande opplæring i eit profesjonelt kjøkkenmiljø, inkludert lære om IK-Mat (Internkontroll Mat), som sikrar at maten me serverar er trygg og av høg kvalitet. Du vil få vegleiing og oppfølging av erfarne kokkar som vil hjelpe deg med å utvikle dine ferdigheiter og nå dine læringsmål.
For spørsmål kontakt Ann Kristin Gloppen tlf 99231909, angl@fitjar.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Visit Fitjar inneheld informasjon om ymse aktivitetar i Fitjar.
Litt informasjon om Fitjar turistinformasjon: Fitjar turistinformasjon | Tourist Information | Fitjar | Norway (visitnorway.no)
www.visitsunnhordland.no inneheld mykje informasjon om reisemål, aktivitetar og tenester i Sunnhordland.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2894151
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8314f315-7910-4412-b97c-784bf1120ca9