Er du ein maskinførar som liker å ta i eit tak og har høg arbeidskapasitet? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
NGIR Drift AS
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Maskinførar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Vi ser etter ein positiv og pliktoppfyllande maskinførar, i eit spanande selskap i vekst.
Vår nye maskinførar blir tilsett i vår driftsavdeling, som held til i Kjevikdalen.
Vi treng deg som kan handtere maskiner på ein trygg og god måte i ein maskinpark med mellom anna hjullastar og gravemaskin.
Vår nye kollega må ha på plass maskinførarbevis eller ha fagbrev som maskinførar. Har du erfaring med køyring av anleggsmaskinar, truckførarbevis eller bakgrunn som mekanikar, er det ein fordel, men ikkje eit krav
Vi ønskjer ein initiativrik ja-person som ønskjer å lære, og ikkje minst liker nye utfordringar. Du har evna til å jobbe godt både sjølvstendig og saman med andre, og er ikkje redd for å ta i et tak. Hos oss vert du ein del av eit positivt fellesskap.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:-
Køyring av anleggsmaskiner på NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen.
-
Vedlikehald av maskiner og utstyr.
-
Utføring av avfallskontroll.
Vi ser etter ein maskinførar som er presis og god på samarbeid. Du bør vere fleksibel og effektiv, og like å halde orden rundt deg. Det er viktig at du taklar hektiske periodar og er glad i fysisk arbeid. Du må kunne norsk både skriftleg og munnleg, og ha noko datakunnskap. I tillegg er det ein fordel om du er god på kundehandsaming.
Vi tilbyr deg:-
Fast stilling med tryggleik og stabilitet.
-
Konkurransedyktige løns- og pensjonsordningar.
-
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
-
Moderne og gode maskinar for å gjera jobben enklare.
-
Grundig opplæring og tett oppfølging
-
Eit godt arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i fokus.
Det vert lagd stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Ønskjer du ein spennande, variert og utfordrande jobb, er dette moglegheita for deg!
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ring avdelingsleiar utedrift Trond Ekelund tlf: 91842191
Om bedriften
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
831309d7-b991-4b79-9824-9fee83fa25f9
- Hentet fra
FINN
- Referanse
412315342