Landskapsarkitekt
Sporstøl Arkitekter AS
Vikemyra 1 , 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi ønsker å utvide teamet vårt med ein
Landskapsarkitekt
Vi søkjer etter landskapsarkitekt med erfaring innan prosjektering og prosjektgjennomføring. Vi legg vekt på god fag- og miljøkompetanse, engasjement og samarbeidsevne. Søkjar må vere ein dedikert lagspelar som trivst med allsidige oppgåver og har fokus på kvalitet.God dialog med våre byggherrar og samarbeidspartnarar, ei tverrfagleg tilnærming og profesjonell haldning er nokre av dei kvalitetane vi ser etter.
Kvalifikasjonar/kompetansekrav
• Utdanna landskapsarkitekt med Master
• Ønskeleg med prosjekteringserfaring og prosjekt- gjennomføring innan faget landskapsarkitektur
• Bør kunne beherske Revit, Civil 3d, Focus arealplan, Infraworks o.l.
• God kunnskap om Plan- og Bygningslova
• Gode norskkunnskapar, gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
• Referanseperson må oppgivast
Vi tilbyr
100% stilling, lønn etter avtale, pensjons- og forsikringsordningar.
Gode vilkår for idé- og eigenutvikling i eit entusiastisk og tverrfagleg miljø. For stillinga er det ønske om snarleg tiltreding.
Kontakt
Skriftleg søknad med CV og attestar skal sendast til:
Fagleiar arkitektur: Ingvill Arhaug Bovill - mailadr.: ingvill@sporstol.no
Tlf: +47 938 44 248.
Om bedriften
Sporstøl Arkitekter AS vart etablert i 1991 og held til på Sunnmøre. Hovudkontoret vårt ligg i Ulsteinvik sentrum, og vi har avdelingskontor i Breivika, Ålesund. Her er vi midt i smørauget både når det gjeld gode buforhold og eit aktivt liv i storslått natur, men ikkje minst er området også kjent for framoverlente og kreative bedrifter. Våre oppdrag er varierte og spennande, og dei strekk seg også lenger utover geografisk. Vi er i dag 17 tilsette, både arkitektar og bygningsingeniørar. Vi er medlem i Arkitektbedriftene, sertifisert Miljøfyrtårn og medlem av NGBC.
Du kan lese meir om oss her
Sektor
Privat