Sokneprest i Vesthordland prosti med Foldnes sokn som tenestestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Austre Skiftedalsvegen 25, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Vesthordland prosti med Foldnes sokn som tenestestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
Vi har ledig stilling som sokneprest i Vesthordland prosti, med Foldnes sokn som tenestestad. Vi ser etter ein prest med motivasjon for strategisk fellesskapsbygging i kyrkjelyden, som kan vere samlande for lokalsamfunn og kyrkjeliv, og med evne til å gjere kyrkja sin bodskap relevant for breidda i kyrkjelyden.
Foldnes sokn ligg på Sotra i Øygarden kommune og omfattar mellom anna kommunesenteret Straume. Folketalet i kommunen var 40.000 ved inngangen til 2025, og av desse var 28 595 medlemmar av Den norske kyrkja. Foldnes kyrkjelyd har kring 8600 medlemmar.
Foldnes kyrkje feirar 25 år i 2026, og er ei praktisk og moderne arbeidskyrkje med mange rom. Kyrkjerommet er vakkert og innbydande. I 2024 var det 46 gudstenester i Foldnes på søndagar og heilagdagar, 63 gravferder, 13 vigslar, 94 konfirmantar og 67 døypte.
Foldnes sokn er ein aktiv kyrkjelyd med ønske om å vera «di kyrkje for alle dagar». Vi har eit breitt tilbod som femnar alle aldersgrupper i kyrkjelyden – mellom anna babysong, knøttetreff, søndagsskule, ulike diakonale tilbod, kor, mannsgruppe og eldretreff. Vi samarbeider med KFUK-KFUM om ungdomsarbeid med kor, dans og gaming-gruppe.
Kyrkjelyden har eit rikt musikkarbeid med ein svært allsidig og dyktig organist, og eige gospelkor for vaksne. Det blir gjennomført ei rekkje konsertar i løpet av året.
Vi er stolte av gudstenesteforma vi har i kyrkjelyden, der musikken ber preg av å vera variert med ei blanding av salmar, lovsong, orgel, piano, hammondorgel og band. Til gudstenestene er ei rekkje frivillige involverte. Desse gjer teneste mellom anna som kyrkjevert, søndagsskulelærar, teknikar, medliturg, forsongarar og ordnar kyrkjekaffi.
I kyrkjekjellaren jobbar vi med å få på plass diakonale tiltak med treffpunkt for ulike grupper. I kyrkjelyden har vi òg eit aktivt sorgarbeid.
Øygarden har fem sokn med til saman åtte kyrkjer. Vi er fem sokneprestar, to prostiprestar og prost som gjer teneste i kyrkjelydane i Øygarden. Soknepresten i Foldnes blir del av ein stor og kompetent stab i kyrkjene i Øygarden. Alle sokn har eige sokneteam kor soknepresten er med.
Øygarden kyrkjelege fellesråd har 50 tilsette med kontor på Straume, på Rong og i nokre av kyrkjene. Soknepresten i Foldnes har kontor i Foldnes kyrkje saman med organist, kyrkjetenar, diakonale medarbeidarar, ungdomsarbeidar og trusopplærar.
Det blir jobba med å rekruttera ungdomsprest til kyrkjelyden.
Vesthordland prosti dekkjer kommunane Askøy og Øygarden, med til saman ti sokn og 13 kyrkjer. I prostiet er det ni sokneprestar, tre prostiprestar og prost.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
- Leia det strategiske arbeidet i soknet saman med soknerådsleiar og sokneteamleiar.
- Konfirmantarbeid
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
- Prioriteringar vert gjort med utgangspunkt i soknerådet sine vedtekne planar
- Stillinga inngår i Den norske kyrkja si ordning for beredskap
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarende / master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Gode formidlingsevner, og god på kommunikasjon til heile breidda av kyrkjelyden
- Vere ein samlande prest for heile kyrkjelyden
- Ynskje om å vere delaktig i breidda av kyrkjelyden sitt arbeid
- Dyktig på tenande leiing
- Evne og vilje til samarbeid
- Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsrettleiing (ABV)
Andre opplysningar
Foldnes sokn har nynorsk som målform.
Søkjar må ha førerkort klasse B og disponere bil, eller ordne med alternativ transport. Til tenestereisar vil km-godtgjersle bli dekt etter særavtale om reiseregulativ.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Jan Tommy Fosse, prost i Vesthordland, 92463278
Arbeidsstad
Austre Skiftedalsvegen 25
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5054224726
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Jan Tommy Fosse
prost i Vesthordland
92463278
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
82b0b377-779a-4ba8-a947-e3291cb8456a
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c78cde14b42b46e792f0848d0d94da96
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Sted
Straume
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedømme
Sted
Laksevåg
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Sted
Bergen