Sjukepleiar - Tysnes legekontor
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - Tysnes legekontor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Er du ein engasjert sjukepleiar på jakt etter nye utfordringar?
Tysnes legekontor er eit kommunalt legekontor som spelar ei sentral rolle i helsetenesta i Tysnes kommune.
Kontoret tilbyr eit breitt spekter av helsetenester innan allmennmedisin og legevakt - og har funksjonar som kommuneoverlege, fastlegar, kontorpersonale og legevaktsteneste samla under eitt tak. Me har òg eit godt utstyrt laboratorium.
Legekontoret er organisert under einingsleiar med ansvar for fire legar og to kontormedarbeidarar med helsefagleg bakgrunn.
To av våre dyktige medarbeidarar skal gå av med pensjon. For å erstatte éin av desse, søkjer me no etter ein autorisert sjukepleiar til ei fast 100 % stilling. Me ser etter deg som er engasjert i faget og ønskjer å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der kvalitet og samarbeid står i fokus.
Me ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp ved innsending av søknaden.
Kva går stillinga ut på
Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar mellom anna:
- Kliniske oppgåver som sårstell, infusjonar, vaksinasjonar og medikamenthandtering
- Relevante oppgåver knytt til skadestove og akutte situasjonar, inkludert assistanse ved kirurgiske inngrep
- Bidra i handtering av akutte situasjonar og pasientar med behov for rask behandling
- Utføring av spirometri, EKG og blodtrykksmålingar
- Laboratoriearbeid, inkludert prøvetaking og enkel analyse
- Ekspedisjonsarbeid: svare på telefon, prioritere henvendingar ut i frå medisinsk behov og hastegrad, pasientrettleiing, administrere timebestillingar og journalføring
- Administrative oppgåver knytt til drift og pasientlogistikk
- Tilrettelegging for god arbeidsflyt og samarbeid med legar og kollegaer
- Bidra aktivt i forbetrings- og kvalitetsarbeid ved legekontoret, inkludert utvikling og oppdatering av rutinar, prosedyrar og internkontroll
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som har:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Brei klinisk erfaring
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Gode IKT -kunnskapar
Erfaring frå legekontor, legevakt eller anna klinisk praksis med varierte pasientgrupper tel positivt.
Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja, er det krav om å leggje fram politiattest i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4, samt eigenerklæring for tuberkulose og MRSA.
Kva me ser etter hos deg
- Du har gode samarbeidsevner som fremjar trivsel og arbeidsglede
- Du er opptatt av fagleg kvalitet og bidreg til kontinuerleg forbetring
- Du er initiativrik og kan jobbe sjølvstendig
- Du trivst med høgt arbeidstempo og har stor arbeidskapasitet
- Du er serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsbevisst
- Du er trygg i rolla di og møter pasientar med varme og profesjonalitet
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetenester til innbyggjarane våre? Då trur me du vil trivast hos oss!
Hos oss vil du få varierte og faglege utfordringar i eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø. Du vil få høve til å utvikla kompetansen din, med god opplæring og fokus på fagleg kvalitet. Arbeidskvardagen er både hektisk, lærerik og meiningsfull – og du blir ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg engasjement.
Tilsetjing hos oss gir medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse, noko som betyr ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, i tillegg til høve til å søkja bustadlån med gunstige vilkår.
Løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale.
Synest du dette verkar som ei spanande stilling, eller er det noko du lurar på etter å ha lese utlysinga?
Då er du velkomen til å ta kontakt med oss!
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
827a1606-b456-429f-9e8c-f51fbbbee5e1
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257499