Vikariat som styrar i Kløve barnehage
Voss herad Kløve barnehage
Raundalsvegen 360, 5706 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Styrar Kløve barnehage 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. juli
Det er ledig eit vikariat som styrar i 100 % stilling ved Kløve barnehage frå 1.8.2025 til 31.07.2026 med moglegheit for forlenging. Stillinga er delt mellom administrative oppgåver og tid i barnegruppa.
Kløve barnehage ligg i flotte omgivnadar på Kløve. Barnehagen er ein 1-avdelings barnehage, men er delt i to grupper store delar av dagen. Barnehagen har stor lyse rom, stor gymsal med både klatrevegg og scene.
Uteområdet gjev utfordringar for grovmotorisk aktivitet. I nærområdet finn ein gode moglegheiter for turar og flotte bakkar som barnehagen brukar aktivt om vinteren til aking og skigåing.
Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god barnehage, og har evne til å inspirera og arbeida målretta og systematisk.
Voss herad tilbyr
- årskort på ski ved Voss resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrste gongs tilsetjing i Voss herad
- god ordning for etter- og vidareutdanning
- ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
- gode kollega og eit positivt miljø
- eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom styrarane i kommunen
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- styrar har 10 leiardagar
- styrar har ansvar for at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
- styrar har ansvaret for pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
- forvalte barnehagen sine totale ressursar på ein god måte innan dei økonomiske rammer barnehagen er tildelt
- leie og motivere til samarbeid og aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møte føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og
- konstruktiv måte
- styrar rapporterer til leiar for barnehagane
Me eit nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste fagmøte, leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane. Me kan lova ei spennande og utfordrande stilling som gir rom for fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
Me ynskjer at du
- har leiarerfaring frå barnehage.
- er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
- er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
- er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
- har gode kommunikasjonsevner, samarbeidsevner og evne til å bygge gode relasjonar til barn, foreldre og tilsette
- er fleksibel, har godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Menn vert oppmoda om å søkja.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
SøknadVoss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
826dc2fd-1063-4a6d-98ce-21d2d5972d0d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3516477_212659_nn