Avdelingsleiar ved Notevarp bufellesskap
Bo og mestring
Skrivarvegen 2B, 3810 Gvarv
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar - fast
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Hos oss står trivsel og tilhørighet sentralt. Dette skapar vi gjennom fagleg fokus, omsorg, god struktur og trygg leiing. Vi legg stor vekt på tillitsbasert leiing, tett oppfølging og godt samarbeid i alle ledd.
Som leiar i Bo og mestring vil du få eit mangfald av oppgåver, og du vil vere ein del av eit støttande og kompetent leiarteam. Tenesta tilbyr døgnbemanna, målretta miljøtenester for menneske med ulike funksjonsnedsetjingar, med fokus på individuell tilrettelegging og brukarmedverknad.
Notevarp er ein spennande og utviklande arbeidsplass med varierte faglege utfordringar. Vi leverer tenester av høg kvalitet, og har eit sterkt fagmiljø med dyktige medarbeidarar. Avdelinga har 43 årsverk og eit inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer i ulike aldrar og med ulik bakgrunn.
Vi har eit breitt samansett fagmiljø der fleire yrkesgrupper jobbar tett saman i team. Tenesta er i kontinuerleg utvikling, og som leiar vil du ha ei sentral rolle i å drive utviklingsarbeid, motivere og inspirere til nytenking.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for leiing og organisering av dagleg drift, inkludert arbeidstidsplanlegging og bemanning
- Dagleg oppfølging og støtte til medarbeidarar i det faglege og praktiske arbeidet
- Gjennomføring av medarbeidarsamtalar og utviklingssamtalar
- Personalansvar og økonomioppfølging, inkludert budsjettoppfølging, sjukefråværsoppfølging, rekruttering og HMS
- Utføring av administrative oppgåver knytt til drift og dokumentasjon
- Fagleg oppfølging og kvalitetssikring av tenestene
- Ansvar for medikamenthandtering og oppfølging av avvik
- Kontakt og samarbeid med pårørande og brukarar
- Samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre relevante aktørar
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Relevant treårig høgskule eller universitetsutdanning
- Relevant leiarutdanning og/eller dokumentert relevant erfaring med leiing og utvikling av medarbeidere. Dersom du har erfaringa vi etterspør, men manglar formell leiarutdanning, forventar kommunen at du er villig til å ta dette etter tilsetting
- Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå
Ønska kompetanse
- Bør ha erfaring og/eller fagkunnskap innan fagfeltet utviklingshemming/psykisk helse og målretta miljøarbeid
- Erfaring med drift og planlegging av arbeidstid, inkludert turnusarbeid
- Innsikt i lov- og avtaleverk som regulerer tenestene
- Erfaring med administrativ saksbehandling
Personlege eigenskapar
- Stødig og tydelege leiar eigenskaper
- Ryddig/strukturert
- Positiv
- Stabil
- Samarbeidsvillig og lydhør
Personleg eignaheit vektleggast.
Vi tilbyr
- Midt-Telemark kommune har eit introduksjonsprogram for nye leiarar som du vil gjennomføre ved oppstart i stillinga
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Torunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072Arbeidsstad
Skrivarvegen 2B3810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5029446068
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 10.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Torunn Hesthag
Einingsleiar
+47 45438072
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
825d721c-1997-4028-ac7e-e48e267e3255
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40f76ceaf057450895d5a22150aadbbe
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Gulset syk- og bokollektiv Avdeling 1, Skien kommune
Sted
Skien
Arbeidsgiver
Bakkane bokollektiv og avlastning, Skien kommune
Sted
Skien
Arbeidsgiver
Hjemmetjenester, Skien kommune
Sted
Skien