Fagarbeidar gravplass og gartnar
Alver kyrkjelege fellesråd
Lonsvegen 1, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar gravplass og gartnar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Alver kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling (100%) som fagarbeidar i driftsavdelinga, med fokus på gartnararbeid. Fellesrådet er gravplassmyndigheit i Alver, og utfører arbeidet gjennom driftsavdelinga.
Vi driftar 25 gravplassar, 14 kyrkjer og nokre andre bygg. Det er om lag 210 gravferder i året i kommunen.
Driftsavdelinga består av 6 tilsette. Avdelinga si primære oppgåve er gravferder og stell av gravplassane, men avdelinga skal òg ta vare på bygga og anna drift.
Frammøtestad er Lonsvegen 1 i Knarvik, men avdelinga har også andre lokale. Oppgåvene kan vere i heile kommunen.
Stillinga er i utgangspunktet ledig frå oktober.
Arbeidsoppgåver
Formålet med stillinga er å sikre sikre god og forsvarlig drift av gravplassen, og at gravplassen blir ein stad som gir god service til besøkande.
- Hovudansvar for å planlegga og utføre gartnararbeid
- Graving, praktisk tilrettelegging og oppfølging av gravleggingar og nedsetting av urner
- Vedlikehald av gravplassane
- Medverka til vedlikehald av maskinar og utstyr
- Medverka til at det er ro og orden på gravplassane
Medverka til at lov, forskrift og gravplassvedtekter blir fulgt - Andre oppgåver som arbeidsgjevar bestemmer, til dømes snøbrøyting, klipping av gras og ringing med kyrkjeklokker.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak utandørs, og kan vera fysisk krevjande. Det vil bli gitt opplæring i bruk av utstyr.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med fagbrev som gartnar, men relevant erfaring kan kompensera for utdanning.
- Det er ønskeleg med erfaring i bruk av gravemaskin og anna tilhøyrande utstyr
- Det er ønskeleg med erfaring frå gravplass
- Sertifikat BE er nødvendig i arbeidet
Personlege eigenskapar
- Må vere fleksibel, løysingsorientert og ansvarleg
- Må kunne ta stort ansvar for eigne oppgåver
- Må evne å sjå oppgåver og utføre dei sjølvstendig
- Må kunne samarbeide og jobbe i team
- Må bidra til godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Løn etter tariff for fagarbeidar gravplass.
- Offentleg pensjonsordning gjennom KLP.
Anna
Fagarbeidar er underlagt taushetsplikt
Kontaktinformasjon
John William Kay, Driftsleiar, 40648270John Fredrik Wallace, Kyrkjeverje, 48284872
Arbeidssted
Lonsvegen 15914 Isdalstø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4965550455
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
John Fredrik Wallace
Kyrkjeverje
48284872
John William Kay
Driftsleiar
40648270
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932808
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e88d07323cf24f7ca626230e90a417d0