Juridisk rådgjevar
Bjørgvin fengsel
Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein
Om jobben
Stillingstittel
Juridisk rådgiver.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Om stillinga
Me søkjer etter ein person som er fagleg engasjert og sjølvstendig i ei saksbehandlarstilling med viktige oppgåver gjennom straffegjennomføringa. Stillinga har særleg ansvar for behandling av søknader for innsette som er forvaringsdømd og dommar over 10 år.
Du vil delta i team og jobba tett saman med sosialrådgivar og fengselsbetjentar for å utarbeida og følgja opp gode soningsforløp for kvar enkelt innsett. Stillinga inneber også tilgjengelegheit saman med dei andre saksbehandlarane ein formiddag i veka for innsette der det blir gitt rettleiing om rettar, regelverk og søknadsprosessar.
Me ser etter deg som ønskjer å bidra aktivt til fagleg utvikling innan straffegjennomføringsfeltet, og som trivst med eit høgt tempo, er sjølvstendig og samhandlar godt i tverretatlege team.
I stillinga skal ein utføra sjølvstendig sakshandsaming og kunne gjennomføra sjølvstendige vurderingar og trekkje konklusjonar ved administrativ sakshandsamin, og dessutan ha evne til å setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikla området.
Ein må pårekna å bidra innan andre administrative oppgåver i avdelinga.
Bjørgvin fengsel er eit fengsel med lågare sikkerheitsnivå. Fengselet har plass til 90 innsette fordelt på fleire avdelingar.
Arbeidsoppgåver
Juridisk saksbehandling av søknader frå innsette
Hovedansvar for saker knytte til forvaring og dommar over 10 år.
Tverrfagleg samarbeid om individuelle soningsforløp.
Melding av alvorlege hendingar som skjer i fengselet.
Rettleiing av innsette om regelverk og rettar.
Bidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring innan saksbehandlingsområdet.
Sikre at eininga blir driven i samsvar med gjeldande regelverk og interne rutinar.
Den som blir tilsett, må rekna med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- utdanning innan rettsvitskap på masternivå. Stillinga passar for nyutdanna
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode kunnskapar i forvaltningsrett
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
Det er ønskjeleg at du har
- relevant erfaring frå fagfeltet
- kjennskap til straffegjennomføringskjeda
- det er ein fordel med erfaring frå offentleg sektor.
Personlege eigenskapar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendige, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- evne til å samarbeida godt med ulike faggrupper
- jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- har evne til å planleggja og strukturera ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- Du er sjølvstendig og
- ansvarsmedvite
- Trygg og tydeleg i møte med ulike menneske
- Evne og vilje til å bidra i fagleg utviklingsarbeid
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- fagleg utfordrande og spanande oppgåver
- treningsrom for tilsette
- parkering med ladepunkt
- stillinga er plassert i lønskode 1434 Rådgjevar med ein årslønn på mellom 564 000-760 000. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til HR-rådgjevar Linda Solberg tlf. 55251296 eller jurist Siren-Beathe Gørbitz tlf: 55251195.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
820cc3ce-e417-4ec3-9110-2ac42ad30ab0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10252526