Sjukepleiar ved Aurland helsetun
Aurland kommune
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar ved Aurland helsetun - vikariat 2. gongs utlysing
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Ein av medarbeidarane har permisjon. Me har difor ledig eit vikariat i 100% stilling som sjukepleiar ved Aurland helsetun frå snarast til 16.08.24. Vikariet kan bli forlenga mellom anna på grunn av ferie.
Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, kortid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Me har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Me har eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.
Aurland helsetun er organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.
Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.
Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det likevel ikkje for deg, så søk stillinga likevel.
Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.
Arbeids- og ansvarsområde
- varierte arbeidsoppgåver mellom anna som pasientansvarleg sjukepleiar
- faglege oppgåver som: medikamenthandtering, lindrande behandling, kateter, sårstell og miljøarbeid
- observasjon og behandling
- vurdering og kartlegging av behov
- dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
- registrering av pasientopplysningar i systema IPLOS og ADL
- rådgjeving og rettleiing av kollegaer, studentar, pasientar og pårørande
- tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre samarbeidspartnarar
I tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar + kr 35 000 høgare årsløn i lokal lønsstigeekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
- funksjonstillegg til praksisrettleiar
- timeløn 1/3 ved eventuell heimevakt
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
- Du bør kommunisere og snakke godt norsk
Me oppfordrar studentar om å søke.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkjar i Aurland kommune.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted