Hopp til innhold

Fagarbeidar/assistent i barnehage

Arbeidsgiver

Hyllestad Barnehage

Sted

Lifjordvegen 5, 6957 Hyllestad

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Eg kan – eg vil – saman får vi det til!

Vil du vere med og skape eit trygt og utviklande miljø for barn fylt med humor, glede og gode relasjonar? Set du barna først og kjenner deg att i vår visjon?

Då vil vi gjerne ha deg som vår nye kollega!

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Beherske norsk godt

Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

Like å jobbe sjølvstendig og i team

Fagleg engasjert

Du må være aktiv i leik og ha ein god porsjon humor, kreativitet og galskap

Glad i å være ute

Verdiar som tillit, respekt, openheit og inkludering er viktige i utviklinga av Hyllestadsamfunnet, og dette ser vi etter hjå deg som søkjar. Verdiar og personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.

Vi er oppteken av mangfald og likestilling, menn vert oppmoda om å søkje. Etter forskrift om særbehandling kan mannlege søkarar gis fortrinn til stilling ved tilnærma like kvalifikasjonar.

Arbeidsoppgaver

  • Vere ein god, raus og omsorgsfull vaksen i samspel med barna

  • Delta i det pedagogiske arbeidet i barnehagen og på avdeling i tråd med rammeplan og årsplan for barnehagen

  • Vere med og bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og god tone på avdeling/i barnehagen

  • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer og foreldre

Vi tilbyr

  • Gode høve til å leike -- kvar dag -- både ute og inne!

  • Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.

  • Løn etter tariff.

  • Medlemsskap i Noreg si beste pensjonsordning, KLP.

Om bedriften

I Hyllestad Kommune har vi ein barnehage. Den ligg i Hyllestad sentrum, like nedanfor kommunehuset, i enden av Åfjorden. Vi har nydeleg utsikt utover fjorden og til det mektige Lifjellet. Barnehagen har kort veg til fjæra, fotballbana og til Kvernsteinsparken.

Barnehagen har fokus på å skape gode leike -- og oppvekstmiljø for barna, og å ha kvalitet i tenesta. Som fagarbeidar/assistent er du med og bidreg i arbeidet med å utvikle barnehagen.

I Hyllestad Barnehage jobbar vi dette barnehageåret med satsingsområde barns åtferd -- sosial kompetanse og grensesetting. Vi har fokus på den autoritative vaksenrolla, og jobbar med å lage gode og trygge rammer rundt barna. I tillegg har vi fokus på språk/språkutvikling og leikemiljø.

Barnehagen har plass til 54 barn fordelt på 4 avdelingar:

Glimmer - 9 barn 0-3 år

Skifer - 9 barn 0 -3 år

Granat - 18 barn 2 -- 5 år

Konglomerat - 18 barn 2 -- 6 år

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8173ee4c-1429-4e88-8731-7242ee060c76

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

8173ee4c-1429-4e88-8731-7242ee060c76

Lignende annonser