Hopp til innhold

Miljøterapeut

Arbeidsgiver

Avrusing rusbehandling TSB ÅlesundHelse Møre og Romsdal HF

Sted

Vestmoa 27, 6018 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
To stk 30,65 % stillinger med arbeid aktiv/passiv natt
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus, natt, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har no ledig 2 stk 30,65 % aktiv/passiv stillingar f.t. natt (arbeid kvar 4. helg) ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale.

Det er i stillinga totalt 8 vaker per måned. Ved ferieavvikling og høgtider vil ein ha aktive, men færre nattevakter. Stillingane har arbeidstid frå kl. 22.15 til 08.15. Kviletid er frå kl. 00.00-07.00 og ein lønnast kvar tredje time.

Avrusinga tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. På natt vert Avrusinga bemanna av 2 aktive og 1 aktiv/passiv nattevakt. Lege har heimevakt og rykker ut ved behov.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid
  • Andre forefallande oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller sosialfagleg utdanning
  • Helsefagarbeidar med norsk autorisasjon kan også søke
  • Studentar innan relevante fag kan også søke
  • Ønskjeleg med relevant erfaring
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B som gir høve til å køyre med manuelt gir

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, nytenkande og endringsorientert
  • Du er sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
  • Du er fleksibel og har evne til å handtere hektiske arbeidsdagar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting

Vi tilbyr

https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/alesund-sunnmore/
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Astrid Birgitte Aakernes, Seksjonsleiar, +47 70 17 13 89, Astrid.Birgitte.Aakernes@helse-mr.no
Line Olaisen, Teamkoordinator, 70 17 13 34, Line.Olaisen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Vestmoa 27
6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5032981820
Stillingsprosent: 30,65%
Fast
Søknadsfrist: 28.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

816218c2-dd87-4c28-819c-349f3bfded94

Sist endret

29. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

fd52d50d98fd4353ba42ee0d067df972

Lignende annonser

Laster lignende annonser