Seksjonsleiar for utbyggingsprosjekt i Bergensområdet
Vestland fylkeskommune
Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar Vegbygging Bergen - kontorstad Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. august
Vil du vere med og forme framtidas vegar i Bergensområdet?
Vi søkjer ein engasjert og strategisk seksjonsleiar som kan leie eit dedikert fagmiljø med ansvar for utbyggingsprosjekt til ein verdi av om lag 600 millionar kroner årleg.
Om stillinga
Som seksjonsleiar for Vegbygging Bergen får du leiaransvar for 31 dyktige medarbeidarar og ei nøkkelrolle i gjennomføringa av store og små infrastrukturprosjekt. Du vil ha eit særskilt ansvar for oppfølging av to sentrale bompengepakkar: Miljøløftet og Askøypakken.
Stillinga omfattar:
- Strategisk og operativ leiing av seksjonen
- Ansvar for gjennomføring av utbyggingsprosjekt
- Budsjett- og resultatansvar for prosjektportefølgjen
- Utvikling av nye arbeidsformer, teknologi og kontraktsmodellar
- Samarbeid med interne einingar og eksterne aktørar
Du vert del av leiargruppa på avdeling for Vegbygging, saman med tre andre seksjonsleiarar i fylket.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull leiarstilling i ein viktig sektor for samfunnet
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø og godt kollegafelleskap
- Gode moglegheiter for påverknad og utvikling
- Fleksibel arbeidstid og moderne kontorlokaler i Vestlandshuset, Bergen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ser etter deg som
- Har høgare relevant utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Har erfaring med leiing og vegbygging innanfor samferdsle
- Er ein tydleg, trygg og motiverande leiar
- Byggjer gode relasjonar og trivs med tverrfagleg samarbeid
- Identifiserar deg med verdiane våre: Kompetent, Open og Modig
Anna informasjon
- Alle nytilsetjingar vert gjort med prøvetid på 6 månader
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Løn og oppstart etter avtale
Har du spørsmål om stillinga, eller ønskjer å vite meir, er du velkommen til å ta kontakt med avdelingsleiar Gunhild Vangsnes.
Kontaktinformasjon
Gunhild Beate Nes Vangsnes, Avdelingsleiar, +47 95088609Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4984638931
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Gunhild Beate Nes Vangsnes
Avdelingsleiar
+47 95088609
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
815b705e-b2f3-4c19-bb4c-6dedd7ccd3e4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cbeb8c4becf241088590d6893df94524