Juridisk rådgivar
Drift/teknisk divisjon/ Arealkontoret, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 32, 5096 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Juridisk rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 27. august
Har du lyst til å bruke kunnskapen din til noko som verkeleg betyr noko - nemleg å bidra til utviklinga av framtidas sjukehus? Da bør du sjå nærare på denne moglegheita!
Arealkontoret er ein del av Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og spelar ei sentral rolle i å planleggje og forvalte sjukehusareala våre. Vi sørger for at avdelingane får dei areala dei treng, at leigeavtalar med eksterne aktørar er på plass, og at eigedomsporteføjen til føretaket blir forvalta på ein trygg og framtidsretta måte. Vi har også ansvar for eigedomstransaksjonar og juridiske spørsmål knytt til eigedom.
Helse Bergen HF eig over 530 000 m² eigedom, og leiger i tillegg om lag 50 000 m² fordelt på meir enn 70 avtalar. Dette inneber eit omfattande og komplekst forvaltingsansvar, og stillinga gir dermed varierte og samfunnsrelevante arbeidsoppgåver for den rette kandidaten.
Arealkontoret er organisert under avdelinga Arealforvalting, saman med Bustadkontoret. Seksjonen vår tel seks tilsette med ulik fagbakgrunn - og saman utgjer vi eit tverrfagleg team som samarbeider tett med både medisinske og tekniske fagmiljø.
Hos oss får du vere ein del av eit miljø der fagleg styrke, godt samarbeid og høgt tempo går hand i hand med humor og arbeidsglede. Du får jobbe med oppgåver som har stor betydning for mange – og vere med å setje retning for utviklinga av helseføretaket våre i åra som kjem.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du få ansvar for di eiga portefølje av eigedomar, og jobbe både operativt og strategisk med forvaltning.
Dine hovudoppgåver vil vere:
- Inngåing og oppfølgning av leigekontraktar
- koordinering av ombyggingar og tilrettelegging av lokale
- Kjøp og sal av eigedom
- Handtering av juridiske spørsmål knyt til føretaket sin eigedomsmasse
- Utarbeiding av notat og saksframlegg til føretaksleiing og styre
Stillinga inneber stor grad av sjølvstendig arbeid, og kvardagen er variert og prega av høgt tempo
Kvalifikasjonar
- Master i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen
- Erfaring frå eigedomsforvalting er ein fordel
- Kjennskap til kontraktsforhandlingar og utarbeiding av kontraktar er ønskeleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du trivst i eit aktivt, tverrfagleg og til tider hektisk arbeidsmiljø
- Du jobbar strukturert, sjølvstendig - og samarbeider godt med andre
- Du har god skriftleg framstillingsevne
- Du er initiativrik, løysingsorientert og bidreg positivt både fagleg og sosialt
Har du desse eigenskapene - og den rette kompetansen - håper vi du søkjer.
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit i vurderinga av kandidatar.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Spennande oppgåver på tvers av fag og rettsområde
- Stor grad av ansvar og moglegheit for påverknad
- Fleksitid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for fagleg påfyll gjennom kurs og seminar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cecilie Magnus Meland, Avdelingssjef, 95742056, cecilie.magnus.meland@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 325096 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5000098006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
814448d1-65c2-4a36-89f2-72d221730a2e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b706123b120497286d6afd774aafd9e