Hopp til innhold

Operatør pulverlakk

Arbeidsgiver

Saferoad Vik Ørsta

Sted

Nørestranda 383, 6152 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Operatør pulverlakk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 5. juni

Vil du bli ein del av vårt produksjonsteam for pulverlakkering?

Saferoad Vik Ørsta ser etter ein ryddig, systematisk og detaljorientert medarbeidar som kan bidra til å få ut rett vare til rett kunde til rett tid. 

Som operatør i vår lakkavdeling vil du jobbe som ein del av et team og sørge for at produkta våre får den overflatebehandlinga som krevst. Stillinga inngår i skiftrotasjon med dag- og kveldsskift. 

Hovudoppgåver vil vere:
  • Klargjering av produkt før lakkering
  • Kontroll av sjølve overflatebehandlinga
  • Pakking av ferdige produkt
Vi ser etter deg som:
  • Kan bidra positivt inn i eit team
  • Er fleksibel og ikkje er redd for å ta i eit tak når det trengst
  • Har gode haldningar og lyst til å lære

Det er ein fordel om du har truck- og kransertifikat. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev. 

Slik søkjer du:

Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.

Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:

Arbeidsleiar Kjetil Sætre, tlf. 468 90 826.


Flytte til Ørsta?

Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.

I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.

Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?


Stolte av produkta våre spør du?

- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.

Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!

Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!

Video: Nanseth Media

Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea

Kontaktperson for stillingen

Kjetil Sætre

Arbeidsleiar

+4746890826

kjetil.satre@saferoad.com

Om bedriften

Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette. 

Les meir om Saferoad Vik Ørsta på www.vikorsta.no

Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad Group. Saferoad Group er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.

Les meir om Saferoad på www.saferoad.com

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

813cd029-c01e-4b0d-93db-e63869a3d2de

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10297249

Lignende annonser

Laster lignende annonser