Barnehagelærar
Bygland barnehage og Byglandsfjord barnehager, Bygland Kommune
Sentrum 18, 4745 Bygland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Oppvekssektoren i Bygland kommune består av Bygland skule, 1.-10.-og SFO, Bygland Barnehage, Byglandsfjord skule 1.-7 og SFO, samt Byglandsfjord barnehage, Alle ligg naturskjønt til i flotte turområde Begge barneskulane er fådelte.
Alle barn i barnehagane i Bygland kommune, skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen/SFO og turar i nærområdet er viktige for oss.
Bygland barnehage ligg i Bygland sentrum, like ved Bygland skule og Byglandshallen. Bygland barnehage har 2 avdelingar med tilsaman 26 barn. I tillegg har SFO base i barnehagen.
Byglandsfjord barnehage ligg i sentrum av Byglandsfjord, og er i same bygg som skulen. Årdalshallen ligg også rett ved sida av oppvekstsenteret. Byglandsfjord barnehage har to avdelingar, med tilsaman 17 barn. Vi har ein variert og stor uteleikeplass, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek.
Lærarar/barnehagelærarar og fagarbeidarar arbeider tett saman, med barna/elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.
No er det ledig 100 % vikariat som Barnehagelærar. Stillinga vert delt på begge barnehagane (60 % Byglandsfjord og 40 % Bygland) i perioden 01.08.2025-31.07.2025.
Med tilbyr- Eit engasjert og kompetent fagmiljø. Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Deltaking i
kompetanseheving. - Givande og varierte arbeidsoppgåver gjennom leik og læring
- Ein sektor i utvikling.
- Pensjonsordning gjennom KLP og god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før
tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden
får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast
(jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Leia og organisera pedagogisk arbeid for barn og barnegrupper i tråd med barnehagelova og rammeplanen.
- Samarbeide aktivt med styrar, kollegaer og føresette som ein del av leiarteamet til barnehagen.
- Dagleg omsorg og oppfølging av barn/elevar inne og ute
- Legge til rette for aktivitet og læring
- Støtte og rettleie barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Delta i pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærar utdanning.
- Barnehagelærer-studentar og søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, vil også bli vurdert.
- Annan relevant kompetanse og erfaring kan veie opp for kvalifikasjonskravet, etter ei konkrret vurdering
Personlige egenskaper
- Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie
- Ein som er positiv og engasjert i barn
- Trivst med leik og aktivitet
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsviljug
- Sjølvstendig og ansvarsfull
Kontaktinformasjon
Siw Homme, Barnehagestyrar, +47 951 16 960, siw.homme@bygland.kommune.noSigrid Greibrokk, Barnehagestyrar, +47 957 46 056, sigrid.greibrokk@bygland.kommune.no
Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4958638299
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted