Lærarstillingar - vikariat
Gimle skule, Fyresdal kommune
Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstillingar vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. november
Gimle skule har ledige stillingar.
Gimle skule er ein 1.-10. skule som ligg midt i sentrum av Fyresdal i nærleik til symje- og idrettshall, kulturhus, bibliotek, helsehus og barnehage. Det er også gangavstand til butikkar og bygdemuseum. Skulen har skateanlegg, leikeapparat og to fotballbanar som elevane kan utfalde seg på, i tillegg til at den ligg rett ved Hamaren Aktivitetspark som er tilrettelagt for både leik, vandring og sykkel. Etter skuletid brukast skulen av SFO og kulturskulen.
På Gimle skule arbeider vi kontinuerleg med å skape trygge og gode skulemiljø for elevane kor dei kan oppleve fagleg meistring og sosial inkludering. Per april 2025 går det 141 elevar ved skulen og det er om lag 30 årsverk. Skulen har rektor og inspektør, samt tre lagleiarar som er knytt opp mot småsteg, mellomsteg og ungdomssteg.
Vi har for noverande skuleår ledig inntil 200 % vikariat.
Intervju vil skje fortløpande.
Oppstart: Omgåande.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i fag i tråd med lovverk og læreplanar.
- Tett samarbeid med heimar, kollegaer, PPT/BUP gjennom heile skuleåret.
- Delta i skulens kompetanse- og utviklingsarbeid.
- Kontaktlærarfunksjon kan bli tildelt.
- Undervisning knytt til ITO, ein til ein, i gruppe eller klasse.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning frå universitet/høgskule, jf. opplæringslova §17 og Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa § 12.
- God digital kompetanse til å nytte skulens digitale plattformer. Vi brukar blant anna Office 365 og ulike Visma-plattformer.
- Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i eit eller fleire basisfag.
- Erfaring med foreldresamarbeid.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner ovanfor elevar og kollegaer.
- Interesse for og evne til å setje seg inn i nye digitale plattformer/verktøy ved behov.
- Trygg og tydeleg leiar i klasseromma og inneha god relasjonskompetanse.
- Inneha eit positiv elevsyn og tru på at elevane kan lykkast.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar.
- Ein spennande og variert kvardag.
- Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
- Ved tilsetting vil det bli det stilt krav om politiattest.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Anna relevant utdanning og arbeidserfaring kan bli vurdert.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97 73 41 52Arbeidssted
Fyresdalsvegen 22373870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5030369281
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Anders Bergsland
Rektor Gimle skule
+47 97 73 41 52
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80f13f46-908b-4d82-8486-ce83cd0a7ada
- Hentet fra
talentech
- Referanse
205ad98e55374575bb288d7fd59f9f54
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Avdeling helse, Fyresdal kommune
Sted
Fyresdal
Arbeidsgiver
Axis Regnskap AS
Sted
Akershus, Buskerud, Innlandet, Oslo, Telemark, Vestfold, Østfold
Arbeidsgiver
Rorgemoen Råbygg As
Sted
Vinje, Telemark