Unik stilling som servitør og gartnar
Hemmeleg Restaurant
Vikvegen, 4343 Orre, Time, Rogaland, Klepp
Om jobben
Stillingstittel
Gartner
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Vakt, kveld og dagtid, alle dager
Antall stillinger
4
Me treng ein person til å vera hemmeleg gartnar i den hemmelege kjøkkenhagen vår og vera med å servera produkta i den hemmelege restauranten vår i helgene.
Me skal etablera ein kjøkkenhage på Vik og treng deg som er interessert i mat- og drikkeopplevingar og som ynskjer å fordjupa seg i dette.
Er du ein utadvendte gartnar? I så fall vil me ha med deg i eit kreativt og annleis restaurantkonsept på Bryne. Me ser etter ein servitør som tør å by på seg sjølv og som kan ta sjølvstendige avgjerd i servicesituasjonar. Gjerna med leiarerfaring eller tilsvarande.
Ynskja kvalifiksasjoner:
- Erfaring med jordbruk, gartneri eller liknande.
- Erfaring frå serveringsnæringa.
- Utadvent og sosialt intelligent.
- Leiarerfaring
- Kan kommunisera på norsk, skriftleg og munnleg.
Stillinga vil vera veldig fleksibel og du vil få gode mentorar på Vik om du treng det.
Det må reknas med å arbeida anna kvar helg i restauranten og resten av tida i ein fleksibel stilling i grønsakshagen. Total stillingsprosent kan tilpassas rett person.
Om bedriften
Hemmeleg er ein berekraftig restaurant for gode matopplevingar midt i matfatet på Jæren. Me serverer ærleg og ekte mat med skikkelege råvarer frå stolte produsentar. Med ein god dose hemmeleg kreativitet vil me gje gjestene våre ei ugløymeleg oppleving.
Hemmeleg opna august 2019 og er ein restaurant med hemmeleg 3-rettar, a la carte og mat du kan ta med heim. Me er ein nynorskrestaurant med rom for kreativitet, leik og kjærleik. Me har ei unik nærleik til våre leverandørar og skal løfta den lokale bonden i presentasjonen av maten me serverer.
Me er bonden Jone Wiig, kokken Arne Nese, ølsomelieren Bjørn Hagerup Røken og kreativ leiar Frode Hagerup jr.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2076968
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
80e464f3-69e3-4fef-a2aa-ca9fefb6e779