Ungdomskontakt - Vikariat 60% frå 10.08.26 – 17.05.27
Dovre Kommune
Dovre
Om jobben
- Oppstart
- 10. august 2026
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomskontakt
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Arbeidstid
- Skift, dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. juni
Vil du arbeide med ungdom? Brenn du for at unge skal bli høyrd og ha eit rikt tilbod?
I fjellbygda Dovre er vi i gang med eit krafttak for ungdomen vår, og vi treng ein engasjert og motivert ungdomskontakt. Å involvere ungdom og skape gode møteplassar blir ein viktig del av arbeidet. Her vil du saman med prosjektleiaren for Fritidsklubbløftet vera med å bygge opp ein ny kommunal fritidsklubb.
Arbeidsoppgåver
-
Møte ungdom på deira arenaer
-
Jobbe på fritidsklubben
-
Hjelpe ungdom med å sette ideane deira ut i livet
-
Spreie informasjon og skape aktivitetstilbod for ungdom
-
Samarbeide med andre som arbeider med ungdom i kommunen
-
Vera sekretær for ungdomsrådet
-
Radikaliseringskontakt
Må rekne med noko kvelds- og helgearbeid
Ynskte kvalifikasjonar
-
Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan fagområde knytt til ungdomsarbeid. Arbeidserfaring og personleg eigenskapar kan kompensere for manglande utdanning.
-
Erfaring med ungdomsarbeid
Personlege eigenskapar
-
Du likar å vere saman med ungdom
-
Du er trygg og tydeleg, open og lyttande
-
Du er engasjert, positiv, løysningsorientert og ansvarsbevisst
-
Du kommuniserer godt
-
Du er strukturert og god til å samarbeide i team
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
-
Ein gjevande jobb som vil gjera det enda betre å vera ung i Dovre
-
Samarbeid på tvers med trivelege kollegaer
-
Løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Det vil vera krav om godkjent politiattest.
Noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!
For meir informasjon, ta kontakt med oppvekstsjef Ingunn Korsen,
tlf. 99 29 40 19 e-post: ingunn.korsen@dovre.kommune.no
Om bedriften
Dovre kommune er ei fjellbygd med noen av Norges mest spektakulære nasjonalparker innenfor kommunegrensa. Her finner du frisk fjelluft, trivelige folk og store naturopplevelser rett utenfor stuedøra. Selv om vi ligger høyt til fjells, er vi sentralt plassert. Herfra kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes.
Ønsker du et rikt liv i et engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt i mot deg.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80cd67f7-69f4-4aac-9679-9a08487f6934
- Sist endret
12. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
80cd67f7-69f4-4aac-9679-9a08487f6934