Spesialkonsulent/førstekonsulent
OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune
Fjøsangerveien 38, 5054 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialkonsulent/førstekonsulent
- Oppstart
- 1. april 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Årstad vidaregåande skule har om lag 800 elevar innan Elektro og datateknologi, Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign, Handverk, design og produktutvikling, Helse- og oppvekstfag, Kunst, design og arkitektur, Teknologi- og industrifag, Påbygging til generell studiekompetanse, Innføringsklasse for minoritetsspråklege og Tilrettelagt opplæring.
Skulen ligg sentralt plassert ved Danmarksplass bybanestopp. Skulen er blant dei største vidaregåande skulane i Vestland med 23 ulike studietilbod. Vi jobbar tett både med næringsliv og med høgskular og universitet.
Då ein av våre tilsette skal gå av med pensjon trenger vi ein ny dyktig medarbeidar i administrasjonen sitt team, som består av tre medarbeidare. Vi ønskjer ein strukturert og serviceorientert medarbeidar som vil ha ei sentral rolle i den daglege drifta. Vi søkjer ein som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for både tilsette og elevar.
Stillinga er ledig frå 1. april 2026.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom året og vil omfatte fleire områder innan skulens administrasjon.
Hovudoppgåver:
- Støtte til leiarar og elevtenesta
- Elevadministrasjon i InSchool
- Kontroll, sakshandsaming og oppfølging av elevdata gjennom skuleåret
- Produksjon av vitnemål og kompetansebevis
- Oppgåver knytt til eksamensavvikling (vakter, rom, registrering i InSchool)
- Sentralbord, ekspedisjon
- Oppgåver innan økonomi, budsjett og rekneskap
Andre oppgåver:
- Dokumenthandtering og arkivering i vårt arkivsystem Elements
- Noko lønnsarbeid, som føring av timelister, kontering av lønnsendringar, registrering og kontering i InSchool
- Arbeid i HMS-portalen
- Innkjøp
- Administrativt arbeid knytt til utleige av lokalar
Kvalifikasjonar
- Du har helst høgare utdanning, gjerne bachelorgrad innan økonomi og administrasjon. Relevant og omfattande erfaring innan fagfeltet kan kompensere for manglande formell utdanning
- God digital kompetanse
- Erfaring frå administrativt arbeid i vidaregåande skule er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vestland fylkeskommune sine verdiar er open, kompetent og modig!
Vi søkjer ein utåtvend person som kan jobbe både sjølvstendig og i team.
Vi søkjer deg som:
- er fagleg dyktig og engasjert og har en positiv innstilling til arbeidsoppgåvene
- har evne til å byggje gode relasjonar med kollegaer og elevar
- har gode samarbeidsevner
- trivs med å løyse nye utfordringar og ikkje er redd for å ta på deg ukjende oppgåver
- er fleksibel og har lett for å tilpasse deg nye miljø
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Hyggelege medarbeidarar
Lønns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Skulen har eit godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø
Andre opplysningar:
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Kontaktinformasjon
Anne-Ruth Knutsen, Administrasjonsleiar, 45472448Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5041359861
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 01.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne-Ruth Knutsen
Administrasjonsleiar
45472448
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80968d17-e6d4-4198-84de-bd75460c13c0
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fe43c14b4bdb4ad9a4b0123490a1cfb6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stend vgs
Sted
Fana
Arbeidsgiver
Åsane vgs, Vestland fylkeskommune
Sted
Ulset
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Stord