Hopp til innhold

Kan du tenka deg ein spennande leiarjobb?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Kultur og læring

Sted

Sjøperlo, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Biblioteksjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Vindafjord kommune søkjar ein engasjert og framtidsretta biblioteksjef i 100% stilling. Du vil vera med å vidareutvikla biblioteket som ein inkluderande møteplass, kunnskapsarena og kulturinstitusjon for alle innbyggjarar. Vindafjord bibliotek er ein viktig del av det lokale kulturtilbodet, og arbeidar aktivt med litteraturformidling, leselyst, digital kompetanse og samarbeid med skule, barnehage, frivillige og andre aktørar. Biblioteket er eit meirope bibliotek. 

Biblioteket er lokalisert i flotte omgjevnader. Avdelinga er samlokalisert med kulturskule, vaksenopplæring, frivilligsentral og kulturadministrasjon. Desse utgjer til saman eining Kultur og læring, og held til i Kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen sentrum. Biblioteket har etter at det flytta inn i nye lokaliteter hatt særs positiv utvikling og er blitt ein attraktiv og viktig møteplass med høg kulturaktivitet og kvalitet. 

Bilioteksjef har ansvar for den daglege drifta av folkebiblioteket og biblioteket i Sandeid fengsel. Saman med einingsleiar vil du utgjera biblioteket si leiing. Du vil og vera ein del av driftsgruppa i Kultur og læring. 

For oss er mangfald og inkludering viktige verdiar. Me søkjer deg som vil ha ein spennande jobb med god høve for vekst, personleg utvikling og lærerike menneskemøte. Du må ha eit sterkt engasjement for bibliotek og bibliotekutvikling samt kulturfeltet generelt. Du må rekna med noko kvelds- og helgearbeid.

Kva får du jobba med hjå oss?
  • Dagleg og fagleg leiing. 
  • Strategisk utvikling i tråd med biblioteklova og kommunen sine mål.
  • Personalansvar, inkludert arbeidsplanlegging og kompetanseutvikling.
  • Planleggja og gjennomføre arrangement, prosjekt og formidlingstiltak.
  • Tverrfageleg samarbeid med andre tenster i kommunen, næringslivet og frivilligheita.
  • Samarbeid med kulturliv og regionale/nasjonale biblioteknettverk.
  • Bidra til utvikling av biblioteket som ein aktiv og relevant møteplass i lokalsamfunnet.
  • Budsjett, økonomi og sakshandsaming innan fagområdet.  
  • Leia og delta i eit profesjonsfagleg og lærende fellesskap. 
Me kan tilby
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønskjer at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søkja om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt .
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning innan fagfeltet i tråd med lovkrav.
  • Leiarutdanning og eller leiarerfaring er ønskjeleg.
  • God kjennskap til gjeldande lovverk og forskrifter innan fagfeltet.
  • God digital kompetanse er ein førestenad, særleg knytt biblioteksutvikling.
  • God munnleg og skriftleg framstilling i norsk. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. 
Vi søker deg som
  • Er oppteken av bibliotek og utviklingsarbeid generelt.
  • Er positiv, strukturert, kan arbeida godt sjølvstendig og i team.
  • Er effektiv, tolmodig, fleksibel, engasjert og løysingsorientert.
  • Er god til å gi støtte, rettleia og følgja opp personalet.
  • Syns det er viktig å sjå og å utvikla eigne og andre sine dugleikar.
  • Bidrar positivt til det profesjonsfaglege felleskapet.
  • Trivs med å vera leiar og å gjera administrative oppgåver.
  • Er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
  • Er ein god lagspelar.
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Slik søker du:

    Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

    Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

    Kontaktperson for stillingen

    Ane Kesia Eide Fatland

    Einingsleiar kultur og læring

    +47 48099251

    ane.kesia.fatland@vindafjord.kommune.no

    Om bedriften

    Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    80907190-7a7b-4ad1-903c-92ff68d496a0

    Sist endret

    13. mai 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3624793_229873_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser