Psykologspesialist i nevropsykologi
Avdeling for rehabilitering, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nevropsykolog vikariat
Oppstart
2. juni 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 21. april
Avdeling for rehabilitering har ledig 1 års vikariat for nevropsykolog frå 2. juni 2025.
Er du psykolog under spesialisering i nevropsykologi og psykolog med interesse for nevropsykologi oppfordrast også til å søke. Vår psykologspesialist tilbyr rettleiing. Vi har samarbeid med dei andre praksisplassane for spesialisering i nevropsykologi i Helse Fonna (HAVO, HABU og nevropsykologisk eining). Dette er ein god moglegheit for å få godkjent eit av åra med spesialpraksis som blir krevd i spesialistutdanninga.
Avdeling for rehabilitering er ansvarleg for tverrfaglege og spesialiserte rehabiliteringstenester til pasientar i Helse Fonna sitt opptaksområde. Nevropsykologen utreier og behandlar pasientar som har kognitiv svikt etter ervera hjerneskade. Nevropsykologen føl opp pasientar ved rehabiliteringsposten og på rehabiliteringspoliklinikken. Vi har testteknikar som bistår nevropsykologen med testing. Elles har nevrospykologen tett samarbeid med det tverrfaglege teamet ved avdelinga vår.
Arbeidsstaden er ved Stord sjukehus, som ligg vakkert til i eit område med storslått natur, levande småbyliv og eit rikt tilbod innan sport og kultur. Stord har ei sentral plassering mellom Bergen og Stavanger, og det går direktefly mellom Stord og Oslo."
Velkommen til å søke på stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
- Nevropsykologisk testing
- Førarkortvurdering
- Meistringsorienterte samtalar med pasient
- Samarbeid i tverrfagleg team
- Informasjon og rettleiing til pårørande
- Fagutvikling
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som nevropsykolog. Norsk autorisert psykolog under spesialisering i nevropsykologi og andre psykologar med interesse for nevropsykologi kan også bli vurdert til stillinga.
- Søkjar må kunna norsk munnleg og skriftleg. Søkjar med anna morsmål enn norsk må ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad.
- Erfaring frå avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering/ spesialisthelsetenesta er ein fordel.
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Kva ser vi etter hos deg?
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjert, strukturert, effektiv og fleksibel
- Held deg oppdatert på faglege retningslinjer
- Er opptatt av kunnskapsbasert praksis
Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Høgt fagleg nivå
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, +47 95234329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.noKjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4947121026
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 31.05.2026
Søknadsfrist: 21.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2907725
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cbe4d845cfc946e88e3ca1cf7293111d