ID 2006 Vernepleiar/sjukepleiar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar, sjukepleiar, spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming med 9 bustader. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.
Studalen sin visjon er; Gode relasjonar skapar trivsel og meistring.
Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling. Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje. Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.
Avdeling Studalen har ledig fast 100% stilling for autorisert vernepleiar eller sjukepleiar frå d.d.Stillinga har turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg.
Arbeids- og ansvarsområde:Vernepleiar/sjukepleiar skal ha fagleg ansvar i avdelinga. I det ligg det:
- Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
- Ansvar for å evaluera mål og tiltak
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og tilretteleggja miljøarbeid utifrå desse
- Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
- Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
- Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
- Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Ragnyhild Dale tlf 48 99 09 05 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2287294
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
803c3bb9-7703-4dfd-b4e9-bedbb8c97e84