Vikariat Einingsleiar
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø, Storbruhaugen 36, 5955 Lindås, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat Einingsleiar - Lindås heimeteneste
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga som avdelingsleiar
Me har ledig vikariat 100% stilling som Einingsleiar ved Lindås heimeteneste frå 01.09.2025 til 28.02.2026
Einingsleiar jobbar tett med fagansvarleg og driftskoordinator i eiga avdeling i den daglege drifta.
Heimetenesta er i ei spanande utvikling, og implementering av velferdsteknologi er eit viktig satsingsområde.
Me har jobba over tid med heiltidskultur, og er i ein prosess med tenestestyrt bemanning og oppgåvedeling for å kunne yte gode og bærekraftige tenester i framtida.
Einingsleiar skal saman med dei andre einingsleiarane i heimetenesta og tenesteleiar være med på å utvikle tenesta og bidra til felles kulturbygging. Som ein del av leiarteamet i heimetenesta er du med på å drive internt organisasjonsarbeid, for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester i framtida.
Alver kommune er i ein omstillingsprosess " Alver kommune i endring og omstilling 2026" der me saman skal byggje Alver-laget for framtida.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for at den daglege drifta er planlagt, koordinert og gitt etter gjeldande lovverk og interne rutinar
- Økonomistyring i henhold til budsjett, månadleg økonomirapportering med utarbeiding av prognose.
- Personalansvar
- Samarbeid med andre heimetenesteavdelingar og andre samarbeidspartar
- Sikre at tenesta er fagleg og etisk forsvarleg
- HMS ansvar
- Ansvar for å leie avdelinga gjennom endring og omstilling.
- Sikre brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
- Ansvar for å sikre eit godt partssamarbeid mellom leiar, verneteneste og tillitsvalde.
Kvalifikasjonskrav
- 3 årig bacherlorutdanning i sjukepleie
- Norsk autorisasjon
- Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing
- Ynskjeleg med erfaring frå endring, omstilling og forbetringsarbeid
- Heimetenesta har årsturnus og det er ønskeleg med erfaring i å utarbeide turnus.
- God IKT- kunnskap. Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk på høgare nivå)
Personlege eigenskapar
Vi søker ein medarbeidar som er brukar- og serviceorientert, med god kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg. Du er tydeleg, fleksibel og engasjert. Evnen din til å skape gode relasjonar, motivere og sjå moglegheiter er viktig. Du har eit sterkt ønske om å utvikle avdelinga, og du ser eiga avdeling som ein del av heile heimetenesta
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Høve til å være med å påverke og utforme heimetenesta
- Støtte og fellesskap i leiarteamet
- God pensjonsordning, yrkesskade - og gruppelivsforsikring
- Spennande og variert arbeidskvardag i ei viktig teneste i kommunen
Om bedriften
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger, Ostereidet og Lindås driftar også omsorg pluss bustadar. Desse vert overført til sjukeheimstenesta frå 01.08.2025. Kvar avdeling er organisert med eigen Einingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund og Frekhaug.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80217b6b-3299-450f-8566-d3df98141413
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10252555