Hopp til innhold

Avdelingsleiar ved barneavlastninga

Arbeidsgiver

eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Sted

Nedre Grødalsvegen 52, 6050 Valderøya

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar ved barneavlastninga i eining Meistring og psykisk helse
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Leitar du etter draumejobben? Ja, då må du sjå her!

Barneavlastninga i Giske kommune er organisert i eining Meistring og psykisk helse. Dette er ei eining i stadig vekst og utvikling, og vi har no ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar.

Vi flyttar straks inn i nye, moderne lokaler sentralt på Valderøya, og på grunn av aukande antal brukarar er vi i ein prosess med å auke bemanninga. Du vil leie eit team med kjekke og kompetente tilsette som trivst i jobben sin.

 Leiargruppa som du vil bli ein del av består av framoverlente, engasjerte og nytenkenda leiarar som er opptekne av samarbeid på tvers av dei ulike avdelingane. Arbeidsmiljøet er prega av humor, respekt og det å spele kvarandre gode.

Har du erfaring frå arbeid med barn med nedsett funksjonsevne, turnusarbeid og leiarerfaring så er du kanskje den vi søker.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av barneavlastninga inkludert oppfølging av økonomiske rammer
  • Fagleg og administrativt ansvar, inkludert personalansvar
  • Fagleg rettleiing
  • Sakshandsaming og oppfølging av tvangsvedtak
  • HMT, legge til rette for godt arbeidsmiljø
  • Samhandling med brukarar og pårørande
  • Samhandling mellom tenester og andre instansar
  • Utviklingsarbeid og prosjektarbeid

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar / vernepleiar eller anna relevant 3 - årig høgskule-/universitetsutdanning innan helse.
  • Det er ønskeleg med leiarerfaring og leiarutdanning, ev. vere innstilt på å ta leiarutdanning.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming vert vektlagt.
  • Kunnskap i relevant lovverk.
  • Kunnskap om turnusplanlegging er ønskjeleg.
  • God digital kompetanse.
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil og kunne disponere eigen bil i tenesta.

Personlege eigenskapar

  • Gode inkluderande leiareigenskapar med evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit.
  • Interesse for, og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling.
  • Godt humør og gode samarbeidsevne.
  • Trivast med høgt tempo og har stor arbeidskapasitet,

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Eit tenesteområde i sterk utvikling.
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi.
  • Konkurransedyktig løn.
  • Tilsetjing på kommunale vilkår med pensjonsordning i Klp.

Kontaktinformasjon

Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Nedre Grødalsvegen 52
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5045121515
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7fff736a-f6bd-43a8-a2e0-66d44a2744ea

Sist endret

11. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

08f3270bd8c34ca9b2696a377bd357f5

Lignende annonser

Laster lignende annonser