Kombiner ledelse, struktur og drift i ei nøkkelrolle hos Westcon Yard Florø
Westcon Yard Florø AS
Ole Aaserudgata 7, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Driftsleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Westcon Yard Florø held til på det tradisjonsrike verftet sentralt i Florø, og er ein leiande aktør innan forretningsområdasubsea/fabrikasjon, skip og forsvar . Vi har ei prosjektportefølje som stadig utviklar seg i takt med nye behov og moglegheiter. Westcon satsar langsiktig og jobbar målretta med modernisering og berekraft. Til ei nyoppretta stilling, ser vi no etter ein driftsleiarfor verftet. Du får ei sentral rolle i leiinga av verftet, med ansvar for produksjon, vedlikehald og anlegg.
Som driftsleiar vil du leie eit team av produksjons- og vedlikehaldsleiarar, og det er derfor viktig at du har gode leiareigenskapar og erfaring frå drift av større anlegg. Stillinga inngår i leiargruppa ved Westcon Yard Florø og rapporterer direkte til verftsdirektøren.
Dine ansvarsområde:-
Overordna ansvar for produksjon, vedlikehald og anleggsdrift
-
Personalansvar for leiarar innan produksjon og vedlikehald
-
Planlegging og utvikling av rutinar, system og prosessar
-
Organisering og leiing av avdelingane
-
Langsiktig planlegging og strategisk drift
-
Bidra aktivt i leiargruppa ved verftet
Du har leiarerfaring og god oversikt over operativ drift. Du forstår korleis du får folk med deg, og har evne til å planleggje langsiktig utan å miste blikket for detaljane.
Vi ser for oss at du:
-
Har erfaring frå maritim industri eller tilsvarande produksjonsmiljø
-
Har gode leiareigenskapar og evne til å motivere teamet ditt
-
Er strukturert, systematisk og utviklingsorientert
-
Har god kommersiell forståing og kan sjå heilskapen i drifta
Du må kunne sikkerheitsklarerast for nivå HEMMELEG / NATO SECRET.
Sjå nsm.no for meir informasjon.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med verftsdirektør Westcon Yard Florø:
Trygve Solaas på telefon 900 51 610 eller e-post trygve.solaas@westcon.no.
Eller rådgjevarar
Asbjørn Grini på telefon 917 94 825 eller e-post Asbjorn@visere.no
Daniel Klakegg Dvergsdal på telefon 904 79 470 eller Daniel@visere.no
Om bedriften
OM WESTCON YARD FLORØ
Westcon Yard Florø er i vekst og har som underleverandør til Kongsberg Naval Service inngått ein strategisk rammeavtale om vedlikehald av forsvaret sine fregattar, i tillegg til avtalar om vedlikehald av Kystvaktflåten. Vi opplever samtidig god vekst innanfor nybygg av subseamodular og leverer mellom anna til kundar som Aker, Technip FMC og Subsea 7. Vi er opptekne av at du må ha dei rette haldningane, like å samarbeide og kunne kommunisere godt med andre. Vi er vidare opptekne av at vi her på Westcon er eit fellesskap, der kunnskap blir delt på tvers av roller og avdelingar.
Kvifor velje oss? Som driftsleder oss vil du få faglege utfordringar, men òg gode moglegheiter for individuell karriereutvikling. Våre siste store kontraktar gir oss mange moglegheiter, men òg tryggleik og stabilitet i eit langsiktig perspektiv. Som arbeidsplass kan vi by på fagleg utfordring og utvikling, kjekke kollegaer med godt samhald, eiga kantine, velferdsordningar og gode framtidsutsikter. Vi er i dag rett over 200 tilsette, og ser fram til å ønskje fleire nye kollegaer velkomne!
Verftet si lokalisering: Florø er ein småby med om lag 9 000 innbyggjarar lengst vest i landet og er omgjeven av fantastisk natur. Fjell og hav er tett på, men du finn samtidig alt du treng av byliv med kafear, kultur og ulike fritidstilbod. Her er ein sentralt plassert flyplass med direkteruter til Oslo og Bergen. I tillegg har Kystekspressen sine båtruter to daglege avgangar til Bergen.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7fe72548-5b2a-4a78-ab2d-2c7e1936d39f
- Hentet fra
FINN
- Referanse
415186314