Psykolog /psykologspesialist
Sudmannske senter for foreldre og barn, Bufetat
Feråsvegen 13, 5251 Søreidgrend
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog /psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ved Senter for foreldre og barn har vi ledig nyoppretta fast 100 % stilling som psykolog /psykologspesialist i Bergen.
Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø. Er du psykolog med utgreiingserfaring og kjennskap til metodikk som nyttast i arbeid med sped- og småbarn i risiko, då kan du vere den rette for oss.
Vi har tatt i bruk standardisert fagleg forløp for både utgreiing og hjelpetiltak. Stillinga inngår i det faglege tilbodet som blir gitt til senteret si målgruppe.
Vi arbeidar systematisk med fagutvikling, og psykologane er viktige bidragsytarar i denne utviklinga. Du vil jobbe med erfarne psykologar i senteret og du vil samarbeide med vårt spisskompetansemiljø for utvikling av fagfeltet sped- og småbarn i risiko.
Vi er en super faggruppe med mykje erfaring og har eit godt arbeidsmiljø. Du vil få mulighet til å vere med på ein spennenade fagutvikling og gjøre ein forskjell for familier med sped- og småbarn i risiko, og vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og familier eit bedre tilbod.
Senteret har tre døgnavdelingar for foreldre og barn 0-6 år, med 7 plasser i Bergen, 3 i Stavanger og 3 i Førde. Senteret tilbyr utgreiing av omsorgssituasjonen for foreldre og barn i risiko. Senteret kan og tilby omsorgsendrende hjelpetiltak.
Bistand er regulert i Lov om barneverntenester § 2-2 og § 3-1.
Bufetat region vest er gitt eit nasjonalt ansvar for spisskompetansemiljø for sped- og småbarn i risiko for omsorgssvikt (SKM), som er lagt til Senter for foreldre og barn.
Arbeidsoppgåver
- Direkte klinisk arbeid.
- Rettleiing til familiar og tilsette.
- Analyse og vurderingsarbeid.
- Kvalitetssikring av testar og kartleggingsverktøy.
Kvalifikasjonar
Krav:- Utdanning som psykologspesialist eller psykolog
- Erfaring frå feltet sped- og småbarn i risiko
- Erfaring/kjennskap til metodikk knytt til utgreiing og rettleiing med målgruppa sped- og småbarn i risiko
- Barnevernfagleg erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid
- Erfaring med utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid knytt til arbeid med sped- og små barn
- Psykologfagleg erfaring knytt til arbeid med småbarn
- Rettleiing og undervisningserfaring
Personlege eigenskapar
Du har:
- God fagleg refleksjon og vurderingsevne.
- Gode samarbeidsevner.
- Fleksibilitet og evne til å jobba både sjølvstendig og i team.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Har lyst til å bringe psykologfaget tydeligere inn i barnevernsarbeidet.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 728 100 - 814 900 pr. år (ltr. 75-79), 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 636 700 - 746 900 pr. år (ltr. 68-76), 0794 psykolog, p.t. kr 593 500 - 661 400 pr. år (ltr. 64-70) eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 604 400 - 728 100 pr. år (ltr. 65-75). Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Høgare løn kan bli vurdert ved særskilt kompetanse.
- Dersom du ikkje er psykologspesialist vil vi legga til rette for det.
- Tilrettelagt for kurs- og kompetanseheving.
- Fleksibel arbeidstid.
- Du kan trene ein time pr. veke i arbeidstida.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, mulighet for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Senter for foreldre og barn, avdeling Sudmannske.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Anne Kleiven, Einingsleiar, 46 61 92 46Cathrine Solvi Hammersland-Skjøndal, Avdelingsleiar, 46 61 97 22
Gunn Helen Hella, Spesialpsykolog, 46 61 97 25
Arbeidsstad
Feråsvegen 135251 Søreidgrend
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: BufetatReferansenr.: 4615062887
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2023
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2292443
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bc4a09ddcf45446ab6859cd47c181575