Barne og ungdomsarbeidar
Byglandsfjord Skule, Bygland Kommune
4741 Byglandsfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. januar
Oppvekssektoren i Bygland kommune består av Bygland skule, 1.-10.-og SFO, Bygland Barnehage, Byglandsfjord skule 1.-7 og SFO, samt Bygalndsfjord barnehage, Alle ligg naturskjønt til i flotte turområde Begge barneskulane er fådelte.
Lærarar/barnehagelærarar og fagarbeidarar arbeider tett saman, med barna/elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.
Oppvekstsektoren i Bygland kommune er i ei spennande omstilling, og personalet med på å sette retning for ein berekraftig og framtidsretta sektor. I skulen er det dysleksivenneleg undervisning som er hovudtema for felles kompetanseheving.
No er det ledig 100 % vikariat som Barne og ungdomsarbeidar, i perioden 01.01.2025-31.07.2025, på Byglandsfjord skule og SFO.
Med tilbyr- Eit engasjert og kompetent fagmiljø. Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Deltaking i
kompetanseheving. - Givande og varierte arbeidsoppgåver gjennom leik og læring
- Ein sektor i utvikling.
- Pensjonsordning gjennom KLP og god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før
tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden
får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast
(jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgåver
- Dagleg omsorg og oppfølging av barn/elevar inne og ute
- Legge til rette for aktivitet og læring
- Støtte og rettleie barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
- Samarbeide med føresette og tilsette
- Delta i pedagogisk utviklingsarbeid
- Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Annan relevant kompetanse og erfaring kan veie opp for kvalifikasjonskravet, etter ei konkrret vurdering
Personlige egenskaper
- Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie
- Ein som er positiv og engasjert i barn
- Trivst med leik og aktivitet
- Stabil og påliteleg
- Fleksibel og samarbeidsviljug
- Sjølvstendig og ansvarsfull
Kontaktinformasjon
Linda Hemmestad Dale, Rektor/Virksomhetsleder, +4741302416Arbeidssted
Byglandsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4898952037
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Hemmestad Dale
Rektor/Virksomhetsleder
+4741302416
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819385
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bad8b0fd708e4112bfa7a30bc7f7cea9